I løpet av 223 dagar har det skjedd ein del ting i livet til underteikna.
- Eg har flytta saman med Siri, kjærasten min. Vi bor no i ei veldig fin leilighet på Strindheim i Trondheim. (Les meir)
- I påska var eg med familien til Siri til Tehran i Iran og Dubai i De Forente Arabiske Emirater. Det var både artig og spennande, men ikkje skummelt som mange kanskje vil tru. (Les enno meir)
- Etter påske var det ferdigstilling av vårsemesteret, som for min del inneheldt å fullføre to fag, Ex.Phil og Produktutvikling(sykkelprosjektet), det er eg veldig fornøgd med.
- Før eg rakk å kome heim på sumarferie måtte Siri på sjukehuset med lungebetennelse. (Les enno litt til)
- Skrive mange færre blogginnlegg enn Siri.
- Hatt ein knakandes fin og avslappa sumarferie.
- Vore ungdomsledar på leir for Redningsselskapet på Runde.
- Vore på besøk hos Siri i Stavanger i 3 veker av ferien.
- Og sist men ikkje minst, komt godt i gong med 1. klasse Produktutvikling og produksjon, ved NTNU.
I tillegg til å ha fått mange nye impulsar sosialt og gjennom skulen, har eg teke dei fyrste skritta inn i ein heilt ny hobby for meg. Hittil har eg vore to laurdagar til Fagerhaug flyplass på Oppdal. Eg har meldt meg på som elev hos NTH Flyklubb, og planen er å bli sertifisert seglflygar, kanskje allereie i løpet av dette skuleåret.
Dette med seglflyginga er den eigentlege grunnen for dagens innlegg. Og her fylgjer historia om min første dag på Fagerhaug flyplass i Oppdal.
Det heile starta med å tappert presse seg opp kvart på seks laurdags morgon (etter å endeleg ha blitt ferdig med første matteøving i elleve tida kvelden før). Dette gjekk på eit vis, men tre hektiske veker med skulestart hadde satt sitt preg. Oppmøte for avreise til oppdal var kl 0700 på Paulinegård, som er klubblokalet til NTHF. Her fekk helse på blandt andre ein annan som skulle prøve seglfly for fyrste gong, ein masterstudent frå Aserbadjan. På veg ned sat eg på med klubbformann Robert, i bilen med oss var slepeflygar Trond og ein til elev, Øystein. Allereie i bilen ned merka eg at folk i denne klubben verkar veldig hyggelege og lette å prate med. Ikkje minst merka eg kor lett det var å stille spørsmål om det å flyge og at innstillinga er at spørsmål er bra og aldri for dumme.
Vel framme på Fagerhaug fekk eg vere med på montering av den eine tosetaren til klubben. Det var ganske artig å sjå korleis noko slikt er skrudd saman, og kor smart tilhengaren dei står på er innretta for å forenkle montering. Medan vi jobba med seglflyet var slepeflyet, ein Piper Pawnee, frå 60 talet komt ut av hangaren, og det var tid for briefing. Etter litt kort info oppe ved rullebanen var det tid for "daglig", noko so enkelt som ein dagleg kontroll av flya før dei kan brukast.
Etter ein del venting og å ha sett nokre av dei andre elevane rette nasa mot skyene var det unge herr Scheide sin tur også. Instruktør Håvard tok ein rask gjennomgang om korleis eg skulle te meg dersom vi blei nødt til å forlate flyet i lufta. "Då er det berre å trekke i spakane som løyser ut canopyen (taket), løyse ut selen, ta tak og kome seg ut. Vent i tre sekund og dra i utløysaren på fallskjermen. Då skulle det være greit, då kan du sette deg inn." Eg må innrømme at eg ikkje var heilt sikker på kor godt eg ville mestre ein slik situasjon, men det er heldigvis sjeldan i denne sporten. Etter å ha fått tredd meg inn i setet heilt foran i flyet og spent meg fast, byrja Håvard med å forklare kva dei forskjellige spakane var til, og at eg berre skulle halde handa mi svakt på joysticken og ellers ikkje gjere noko på veg opp.
Vår hjelpar på utsida festa på slepekroken, tok tak i vingen og gav klarsignal til Trond, som gassa opp med slepeflyet og nokre augneblinkar etter var vi i lufta. Håvard fortalte kva som var viktig under slep. På ca. 600 meter løyste vi oss ut frå slepetauet og var overlatt til oss sjøl og naturkreftene. Det neste som skjedde var ganske rått. Medan eg fekk fortalt om landemerker og litt kjapp info om oppdrift hadde flyet stege til dobbel høgde. Vi låg og cruisa i 1200 meters høgde og hadde ei heilt fantastisk utsikt. No var tida komen for at eg skulle få prøve meg litt på å styre flyet. Håvard gjekk gjennom funksjonen til henholdsvis pedalane, stikka frå side til side og fram og bak. Eg fekk prøve kontrollane kvar for seg i tur. Etter desse manøvrane var eg blitt flysjuk. Så når eg blei spurd om eg ville ha ein presentasjon av g-krefter takka eg høfleg nei og sa at det hadde vore fint å avslutta no. Slik starta turen tilbake til landjorda.
Det å blir dårleg er vistnok ikkje så unormalt på dei første turane. Her er det tross alt snakk om voldsomt mange nye inntrykk som skal prosseserast, samtidig som kroppen blir utsatt for bevegegelsar den er veldig uvant med. Men heldigvis klarte eg å ta meg inn att innan vi starta på innflyginga, so eg klarte å få med meg litt av korleis landinga foregår også.
Dette her blei mykje tekst, og eg føler ikkje heilt eg klarer å beskrive med ord korleis turen føltes. Men at eg no i ettertid gledar meg utruleg mykje til neste gong, på tross av at eg var noko grøn i maska oppe i lufta, burde vitne om at dette var noko eg likte.
Eg må og få rose Håvard som var kjemperoleg og absolutt interessert i at min første tur i seglfly skulle bli so bra og artig den kunne. Heile greia var ei veldig positiv oppleving. Samtidig fekk eg ei respekt for det å flyge som eg ikkje hadde før vi tok av, eg forstår godt at det er mange startar før ein kan bli sendt ut på sin første solotur, for her er det mykje informasjon som skal tolkast og reagerast på samtidig, og ikkje minst skal ein også ha eit overblikk over kva som skjer i luftromet framfor flyet. Eg hadde nok med å gjere ei oppgave i gongen, medan flyet blei styrt for meg. Robert sa det slik at eg enno ikkje har opparbeida simultankapasiteten som skal til for å flyge, og det er jo ikkje so rart. Dette vil ta si tid, men steikk so kult det skal bli.
Det var altså første opplevinga mi i seglfly, sidan har eg vore oppe eit par turar til, og blir stadig meri fascinert av sporten. Meir forteljingar vil kanskje kome på denne sida seinare. Forhåpentlegvis i meir lettleseleg og engasjerande format.
