torsdag 11. oktober 2012

Kan hausten vere ein ny vår?

Hausten har for alvor innteke Trondheim. Det regnar. Gule blad slepp taket og legg seg som eit teppe i gatene. Naser snytast. Te vert konsumert.
Hausten er naturen si stengetid. No skal virksomheita sakkast ned. For snart kjem ein kald og mørk vinter. Då er det greit og spare på kreftene og gjere seg klar til neste sesong.

Samtidig på Gløshaugen: Ti tusen flittige og mindre flittige studentar sprer liv i lokala. "Haustsemesteret er so kort" kan nokon meddele. Då er det godt at vi har fint ver ute til å vere inne i. For her er det lite tid å miste før eksamensperioda er over oss. "Og da gjelder det å stå", som Øystein Sunde seier.

"Fall in Spring" - Daiho Roshi
Trass i alt dette har eg sjølv vore merkverdig roleg i forhold til skulekøyret. Angsten for stryk og dårlege prestasjonar har uteblitt. Akkurat det ordnar seg nok sjølv når desember nærmar seg.
Det eg vil fortelje derimot, er kva denne mangelen på skuledriv har ført til.
  • Eg har sett Folkeopplysningen på NRK, og følgt debatten dette har ført til med interesse. (Episode 5 og 6 er enno tilgjengelege på NRK nett-tv)
  • Kjøpt meg iPad
  • Blitt voldsomt nysgjerrig på kritisk tenking. Det og ikkje alltid godta det andre skriv eller fortel utan å få ei tilfredstillande begrunning.
  • Begynt å lytte til eit par nye podcastar: Saltklypa og Skeptics Guide to the Universe. Begge vil eg anbefale på det varmaste til den som er nysgjerrig.
  • Meldt meg på "Changemaker helg" i Trondheim, for å lære meir om denne organisasjonen, og bli med på å redde verda. (Veldig kjekt om fleire kjende vil vere med på dette.)
  • Vore med på møte om mogleg oppstart av studentlag i Framtiden i Våre Hender her i Trondheim. Dette var eit interessant og engasjerande møte. Det skal bli spanande å sjå kva som kjem ut av dette.
Og då kjem vi tilbake på tittelen på innlegget. Alle punkta over representerer hendingar som har gitt meg energi og glede. Felles for dei er og at dei ikkje har direkte med skulearbeid å gjere. Historisk har eg ikkje vore ein veldig engasjert person. Kan hende vert eg ikkje det no heller, men følelsen eg sit att med kan godt kallast våryr.

Har du gjort eller opplevd noko i haust som har gitt deg energi eller glede?

lørdag 15. september 2012

Enno eit livsteikn.

Det er altså enno liv i den skrotten som heiter Marius. For tida ganske mykje liv faktisk. Bloggen min derimot har vore tildels grovt neglisjert. Eg er viss på at lovnader som; "No skal det verte sus i serken, og daglege oppdateringar, minst!", sjeldan held vatn betre enn t.d. ei bøtte beståande kun av handtaket.

Difor; eg lovar slett ingen ting, men det var kjekt å skrive dette om ikkje anna.

Har du skreve eller opplevd noko kjekt i det siste?

lørdag 4. februar 2012

Livsteikn.

Eg veit ikkje kven eg skal henvende meg til med dette innlegget. Det er nok ikkje so monge som følgjer denne bloggen veldig nøye. Det er jo ikkje so rart heller. Det er over to år sidan eg skreiv noko her sist.

Tidlegare har desse innlegga, som kjem etter lengre tid med taushet, bugna av lovord om at no skal eg skrive meir her. Det vil eg ikkje love denne gongen. Dette er berre eit innlegg for innlegget si eiga skuld. Berre for å seie "Hei Internett, eg er her, som so monge andre. Det var det."