mandag 20. april 2015

Annsleisdag

Vaknar, klokka er halv fem om morgonen. Er ikkje lenger trøytt. Er svolten, må stå opp, ete.

Mat, tv-spel, Trygdekontoret på fjernsyn. Halvhjerta dupping. So er det på tide å reise på arbeid.

Jobbar greit, men dett etterkvart meir og meir av lasset. Sluttar tidleg, ingen vits i å drage timar om ein ikkje kan konsentrere seg. Køyrer heim, søvn tas igjen. Det hjalp.

Besta hadde hatt 95-års bursdag i dag. Ho er borte no, men vi minnest ho med glede. Mamma er i Trondheim, ho treng gravstellvikar. Det vert meg, fyrstereisgut. Nye roser medbringast, plasserast, danderast. Fuglane kvittrar, dette var jo takknemlig arbeid. Finværet bidrar til godfølelsen.



Ein bil kjem til gravplassen. Det er jo søskenbarn Silvia, med sine kjæraste. Pratast, minnest, smilast og inviterast, på besøk.

Marius (sjetteklassing) polerer macheten Linda og lærer ordklasser.
Iselin les lekser om Frans og dei vanskelege omvendttala.
Sebastian monterer sykkel i lag med Silvia.
Hans Jørgen fortel om den fagre Romsdalen.

Og eg? Eg berre nyt det. Trivast, kaffedrikkast og kakespisast.

torsdag 11. oktober 2012

Kan hausten vere ein ny vår?

Hausten har for alvor innteke Trondheim. Det regnar. Gule blad slepp taket og legg seg som eit teppe i gatene. Naser snytast. Te vert konsumert.
Hausten er naturen si stengetid. No skal virksomheita sakkast ned. For snart kjem ein kald og mørk vinter. Då er det greit og spare på kreftene og gjere seg klar til neste sesong.

Samtidig på Gløshaugen: Ti tusen flittige og mindre flittige studentar sprer liv i lokala. "Haustsemesteret er so kort" kan nokon meddele. Då er det godt at vi har fint ver ute til å vere inne i. For her er det lite tid å miste før eksamensperioda er over oss. "Og da gjelder det å stå", som Øystein Sunde seier.

"Fall in Spring" - Daiho Roshi
Trass i alt dette har eg sjølv vore merkverdig roleg i forhold til skulekøyret. Angsten for stryk og dårlege prestasjonar har uteblitt. Akkurat det ordnar seg nok sjølv når desember nærmar seg.
Det eg vil fortelje derimot, er kva denne mangelen på skuledriv har ført til.
  • Eg har sett Folkeopplysningen på NRK, og følgt debatten dette har ført til med interesse. (Episode 5 og 6 er enno tilgjengelege på NRK nett-tv)
  • Kjøpt meg iPad
  • Blitt voldsomt nysgjerrig på kritisk tenking. Det og ikkje alltid godta det andre skriv eller fortel utan å få ei tilfredstillande begrunning.
  • Begynt å lytte til eit par nye podcastar: Saltklypa og Skeptics Guide to the Universe. Begge vil eg anbefale på det varmaste til den som er nysgjerrig.
  • Meldt meg på "Changemaker helg" i Trondheim, for å lære meir om denne organisasjonen, og bli med på å redde verda. (Veldig kjekt om fleire kjende vil vere med på dette.)
  • Vore med på møte om mogleg oppstart av studentlag i Framtiden i Våre Hender her i Trondheim. Dette var eit interessant og engasjerande møte. Det skal bli spanande å sjå kva som kjem ut av dette.
Og då kjem vi tilbake på tittelen på innlegget. Alle punkta over representerer hendingar som har gitt meg energi og glede. Felles for dei er og at dei ikkje har direkte med skulearbeid å gjere. Historisk har eg ikkje vore ein veldig engasjert person. Kan hende vert eg ikkje det no heller, men følelsen eg sit att med kan godt kallast våryr.

Har du gjort eller opplevd noko i haust som har gitt deg energi eller glede?

lørdag 15. september 2012

Enno eit livsteikn.

Det er altså enno liv i den skrotten som heiter Marius. For tida ganske mykje liv faktisk. Bloggen min derimot har vore tildels grovt neglisjert. Eg er viss på at lovnader som; "No skal det verte sus i serken, og daglege oppdateringar, minst!", sjeldan held vatn betre enn t.d. ei bøtte beståande kun av handtaket.

Difor; eg lovar slett ingen ting, men det var kjekt å skrive dette om ikkje anna.

Har du skreve eller opplevd noko kjekt i det siste?

lørdag 4. februar 2012

Livsteikn.

Eg veit ikkje kven eg skal henvende meg til med dette innlegget. Det er nok ikkje so monge som følgjer denne bloggen veldig nøye. Det er jo ikkje so rart heller. Det er over to år sidan eg skreiv noko her sist.

Tidlegare har desse innlegga, som kjem etter lengre tid med taushet, bugna av lovord om at no skal eg skrive meir her. Det vil eg ikkje love denne gongen. Dette er berre eit innlegg for innlegget si eiga skuld. Berre for å seie "Hei Internett, eg er her, som so monge andre. Det var det."

søndag 18. oktober 2009

Sit. rep.

Ser det har gått ei stund sidan sist det kom noko nytt her. Av den grunn har eg no tenkt å gjere eit forsøk på eit lite innlegg.

Siste tida har det gått i eitt køyr og det blir lite tid til blogging. Køyret har gått ut på skule, litt fysisk fostring og å kvitte meg med overflødig biomasse.

Det siste punktet skjedde på fredag. Spent troppa eg opp hos tannlegen som hadde fortalt meg at hol i visdomstennene ikkje var noko særleg å reparere på, ein dag skal dei mest sannsynleg ut uansett. Og som vi veit er det ingen dag som dagen i dag (les: fredag, men de tek poenget).

Litt lett undersøking og meiningsmåling blandt vener og kjente gav blanda resultat. Nokre hadde enno til høyrt skrekkhistorier om folk som hadde vridd seg på sofaen i valiumrus og smerter heile dagen etter eit slikt inngrep.

Med slik info under beltet sette eg meg i stolen og prøvde å stille håpet inn på det beste, og eg må få seie at eg nesten blei litt skuffa over kor problemfritt dette gjekk føre seg. Det verste for meg medan eg sat i stolen var fjerning av tannstein medan bedøvelsen skulle virke. Tennene var ute på ein augneblink. Etter å ha fått ei regle om korleis eg skulle te meg resten dagen var det rett ut i Guds frie asfaltjungel igjen.

For å minske plagene i etterkant fekk eg ein ispose eg skulle halde mot kinnet til den mista piffen, ein resept på Pinex Forte (ubrukt) og tips om å ta det med ro.
Eg gjekk tappert til Rema og bunkra opp med Ibux og Paracet, og fekk medfølelse frå kassadama som meinte det såg ut som eg hadde god gamaldags tannverk (på grunn av den dramatiske ispose-mot-kinn effekten). Kom meg heim og havna raskt i horisontalen for ro og mak.

Totalt fortærte eg berre 4 smertestillande på fredag, eitt par til på laurdag. (u)Sunne mengder passivitet og avslapning. Og her sit eg no med eit lite "ubehag" i kinnet, men ellers frisk og fin. So til alle der ute som fryktar slike ting kan eg seie at for meg gjekk det over all forventning, og no vurderar eg å ta dei to på andre sida i løpet av hausten også, so kanskje det blir støtte frå SiT på meg :)

Ellers so reiser eg til Bjorli på onsdag på haustleir med flyklubben. Fire dagar på rad med flyging, ispedd litt lett svingom i skibakken kan vel ha stort potensial for opplading av batteria?

Ein rapport, eller kanskje fleire er vel nesten påkrevd og er her forhåpentlegvis seinast over neste helg :)

fredag 2. oktober 2009

Tida rasar avgårde

Inspirert av ein god ven (Kjartan), prøver eg med dette å auke frekvensen på mine blogginnlegg.

Dette for bli ei kjapp oppdatering av kva eg har fått gjort den siste tida.

Eg har fått levert halvparten av matteøvingane for hausten. Øving 6 blei levert i går kveld faktisk meir en tolv timar før frista.

Eg har fått prøve korleis det er å vere forkjøla, og samtidig vere nødt til å opprettholde eit høgt arbeidstempo for å ikkje bli hengande etter. Det går på eit vis, men følest ikkje sunt.

Eg har fått sett dei to første episdoene av den nye sesongen i både "How I Met Your Mother" og "Big Bang Theory". Dersom du ikkje har gjort det so kan du rekne det som anbefalt.

Eg har laga ein fungerande Imponator! Gjennom byggekurs hos Omega Verksted. Den blinkar og lyser på ein serdeles imponerande og transeframkallande måte. Berre sjå her:



Eg har stått på stand på Stripa for flyklubben. Det var ein artig erfaring, det viser seg at det kan vere ein del som eigentleg er litt nysgjerrige, men som ikkje heilt tør å kome bort til oss og prate. So resultatet blei å spørre alle som gikk forbi: "Lyst til å prøve seglfly?". Noko som føltes litt kunstig for meg, sidan den same setninga blei repetert fleire gongar i minuttet, men som faktisk førte til ein del utdelte brosjyrer.

Dersom du har lyst å prøve seglfly, og befinn deg i Trondheim, sjekk ut www.nthf.no. Befinn du deg andre stadar i landet sjekk ut www.seilfly.no og leit etter ein klubb nær deg. Det er ei rå oppleving!

Dett var dett for denne gong. Vi talast.

søndag 30. august 2009

223 dagar...

Det er faktisk so lenge sidan sist eg skreiv noko her på bloggen! Det lev ikkje opp til fagre tankar eg hadde i dei tider om å kanskje få til noko eitt par gongar i veka. Ikkje kan eg forsvare meg med at eg går for kvalitet foran kvantitet heller, men vi kan stoppe der.

I løpet av 223 dagar har det skjedd ein del ting i livet til underteikna.
  • Eg har flytta saman med Siri, kjærasten min. Vi bor no i ei veldig fin leilighet på Strindheim i Trondheim. (Les meir)
  • I påska var eg med familien til Siri til Tehran i Iran og Dubai i De Forente Arabiske Emirater. Det var både artig og spennande, men ikkje skummelt som mange kanskje vil tru. (Les enno meir)
  • Etter påske var det ferdigstilling av vårsemesteret, som for min del inneheldt å fullføre to fag, Ex.Phil og Produktutvikling(sykkelprosjektet), det er eg veldig fornøgd med.
  • Før eg rakk å kome heim på sumarferie måtte Siri på sjukehuset med lungebetennelse. (Les enno litt til)
  • Skrive mange færre blogginnlegg enn Siri.
  • Hatt ein knakandes fin og avslappa sumarferie.
  • Vore ungdomsledar på leir for Redningsselskapet på Runde.
  • Vore på besøk hos Siri i Stavanger i 3 veker av ferien.
  • Og sist men ikkje minst, komt godt i gong med 1. klasse Produktutvikling og produksjon, ved NTNU.
Eg og Siri testar ut korleis det er å vere vaskekte arabarar, på ørkensafari utanfor Dubai.

Det var i korte trekk, det er sikkert ting eg har gløymt, men det har vore 223 stort sett veldig bra dagar. Å starte skuleåret i år har vore heilt forskjellig frå i fjor, og eg føler meg veldig klar for å gjere ein innsats for å henge med på dei seks faga eg skal ta fram mot neste sumar. Eg har helst på mange hyggelige folk som går på samme studieprogram som meg, og endåtil funne meg nokre som eg føler er blitt nye venar og venniner. Det følest rett og slett som at alt ligg til rette for ein veldig fin studiehaust.

I tillegg til å ha fått mange nye impulsar sosialt og gjennom skulen, har eg teke dei fyrste skritta inn i ein heilt ny hobby for meg. Hittil har eg vore to laurdagar til Fagerhaug flyplass på Oppdal. Eg har meldt meg på som elev hos NTH Flyklubb, og planen er å bli sertifisert seglflygar, kanskje allereie i løpet av dette skuleåret.

Lima-Xray trygt parkert på Fagerhaug.

Dette med seglflyginga er den eigentlege grunnen for dagens innlegg. Og her fylgjer historia om min første dag på Fagerhaug flyplass i Oppdal.

Det heile starta med å tappert presse seg opp kvart på seks laurdags morgon (etter å endeleg ha blitt ferdig med første matteøving i elleve tida kvelden før). Dette gjekk på eit vis, men tre hektiske veker med skulestart hadde satt sitt preg. Oppmøte for avreise til oppdal var kl 0700 på Paulinegård, som er klubblokalet til NTHF. Her fekk helse på blandt andre ein annan som skulle prøve seglfly for fyrste gong, ein masterstudent frå Aserbadjan. På veg ned sat eg på med klubbformann Robert, i bilen med oss var slepeflygar Trond og ein til elev, Øystein. Allereie i bilen ned merka eg at folk i denne klubben verkar veldig hyggelege og lette å prate med. Ikkje minst merka eg kor lett det var å stille spørsmål om det å flyge og at innstillinga er at spørsmål er bra og aldri for dumme.

Vel framme på Fagerhaug fekk eg vere med på montering av den eine tosetaren til klubben. Det var ganske artig å sjå korleis noko slikt er skrudd saman, og kor smart tilhengaren dei står på er innretta for å forenkle montering. Medan vi jobba med seglflyet var slepeflyet, ein Piper Pawnee, frå 60 talet komt ut av hangaren, og det var tid for briefing. Etter litt kort info oppe ved rullebanen var det tid for "daglig", noko so enkelt som ein dagleg kontroll av flya før dei kan brukast.

Etter ein del venting og å ha sett nokre av dei andre elevane rette nasa mot skyene var det unge herr Scheide sin tur også. Instruktør Håvard tok ein rask gjennomgang om korleis eg skulle te meg dersom vi blei nødt til å forlate flyet i lufta. "Då er det berre å trekke i spakane som løyser ut canopyen (taket), løyse ut selen, ta tak og kome seg ut. Vent i tre sekund og dra i utløysaren på fallskjermen. Då skulle det være greit, då kan du sette deg inn." Eg må innrømme at eg ikkje var heilt sikker på kor godt eg ville mestre ein slik situasjon, men det er heldigvis sjeldan i denne sporten. Etter å ha fått tredd meg inn i setet heilt foran i flyet og spent meg fast, byrja Håvard med å forklare kva dei forskjellige spakane var til, og at eg berre skulle halde handa mi svakt på joysticken og ellers ikkje gjere noko på veg opp.

Her kjem slepeflyet inn for landing.

Vår hjelpar på utsida festa på slepekroken, tok tak i vingen og gav klarsignal til Trond, som gassa opp med slepeflyet og nokre augneblinkar etter var vi i lufta. Håvard fortalte kva som var viktig under slep. På ca. 600 meter løyste vi oss ut frå slepetauet og var overlatt til oss sjøl og naturkreftene. Det neste som skjedde var ganske rått. Medan eg fekk fortalt om landemerker og litt kjapp info om oppdrift hadde flyet stege til dobbel høgde. Vi låg og cruisa i 1200 meters høgde og hadde ei heilt fantastisk utsikt. No var tida komen for at eg skulle få prøve meg litt på å styre flyet. Håvard gjekk gjennom funksjonen til henholdsvis pedalane, stikka frå side til side og fram og bak. Eg fekk prøve kontrollane kvar for seg i tur. Etter desse manøvrane var eg blitt flysjuk. Så når eg blei spurd om eg ville ha ein presentasjon av g-krefter takka eg høfleg nei og sa at det hadde vore fint å avslutta no. Slik starta turen tilbake til landjorda.

Det å blir dårleg er vistnok ikkje så unormalt på dei første turane. Her er det tross alt snakk om voldsomt mange nye inntrykk som skal prosseserast, samtidig som kroppen blir utsatt for bevegegelsar den er veldig uvant med. Men heldigvis klarte eg å ta meg inn att innan vi starta på innflyginga, so eg klarte å få med meg litt av korleis landinga foregår også.

Dette her blei mykje tekst, og eg føler ikkje heilt eg klarer å beskrive med ord korleis turen føltes. Men at eg no i ettertid gledar meg utruleg mykje til neste gong, på tross av at eg var noko grøn i maska oppe i lufta, burde vitne om at dette var noko eg likte.

Sjølvaste Charlie-November, ein meget populær to setar i klubben.

Eg må og få rose Håvard som var kjemperoleg og absolutt interessert i at min første tur i seglfly skulle bli so bra og artig den kunne. Heile greia var ei veldig positiv oppleving. Samtidig fekk eg ei respekt for det å flyge som eg ikkje hadde før vi tok av, eg forstår godt at det er mange startar før ein kan bli sendt ut på sin første solotur, for her er det mykje informasjon som skal tolkast og reagerast på samtidig, og ikkje minst skal ein også ha eit overblikk over kva som skjer i luftromet framfor flyet. Eg hadde nok med å gjere ei oppgave i gongen, medan flyet blei styrt for meg. Robert sa det slik at eg enno ikkje har opparbeida simultankapasiteten som skal til for å flyge, og det er jo ikkje so rart. Dette vil ta si tid, men steikk so kult det skal bli.

Dagens forsøk på å vere kunstnerisk for underteikna.

Det var altså første opplevinga mi i seglfly, sidan har eg vore oppe eit par turar til, og blir stadig meri fascinert av sporten. Meir forteljingar vil kanskje kome på denne sida seinare. Forhåpentlegvis i meir lettleseleg og engasjerande format.