søndag 18. oktober 2009

Sit. rep.

Ser det har gått ei stund sidan sist det kom noko nytt her. Av den grunn har eg no tenkt å gjere eit forsøk på eit lite innlegg.

Siste tida har det gått i eitt køyr og det blir lite tid til blogging. Køyret har gått ut på skule, litt fysisk fostring og å kvitte meg med overflødig biomasse.

Det siste punktet skjedde på fredag. Spent troppa eg opp hos tannlegen som hadde fortalt meg at hol i visdomstennene ikkje var noko særleg å reparere på, ein dag skal dei mest sannsynleg ut uansett. Og som vi veit er det ingen dag som dagen i dag (les: fredag, men de tek poenget).

Litt lett undersøking og meiningsmåling blandt vener og kjente gav blanda resultat. Nokre hadde enno til høyrt skrekkhistorier om folk som hadde vridd seg på sofaen i valiumrus og smerter heile dagen etter eit slikt inngrep.

Med slik info under beltet sette eg meg i stolen og prøvde å stille håpet inn på det beste, og eg må få seie at eg nesten blei litt skuffa over kor problemfritt dette gjekk føre seg. Det verste for meg medan eg sat i stolen var fjerning av tannstein medan bedøvelsen skulle virke. Tennene var ute på ein augneblink. Etter å ha fått ei regle om korleis eg skulle te meg resten dagen var det rett ut i Guds frie asfaltjungel igjen.

For å minske plagene i etterkant fekk eg ein ispose eg skulle halde mot kinnet til den mista piffen, ein resept på Pinex Forte (ubrukt) og tips om å ta det med ro.
Eg gjekk tappert til Rema og bunkra opp med Ibux og Paracet, og fekk medfølelse frå kassadama som meinte det såg ut som eg hadde god gamaldags tannverk (på grunn av den dramatiske ispose-mot-kinn effekten). Kom meg heim og havna raskt i horisontalen for ro og mak.

Totalt fortærte eg berre 4 smertestillande på fredag, eitt par til på laurdag. (u)Sunne mengder passivitet og avslapning. Og her sit eg no med eit lite "ubehag" i kinnet, men ellers frisk og fin. So til alle der ute som fryktar slike ting kan eg seie at for meg gjekk det over all forventning, og no vurderar eg å ta dei to på andre sida i løpet av hausten også, so kanskje det blir støtte frå SiT på meg :)

Ellers so reiser eg til Bjorli på onsdag på haustleir med flyklubben. Fire dagar på rad med flyging, ispedd litt lett svingom i skibakken kan vel ha stort potensial for opplading av batteria?

Ein rapport, eller kanskje fleire er vel nesten påkrevd og er her forhåpentlegvis seinast over neste helg :)

Ingen kommentarer: