søndag 23. september 2007

"Gutta på Gølvet"

No er det ei stund sidan eg starta denne bloggen, og aktiviteten frå mi side må kunne seiast å vere ganske laber, men dette har ei naturleg årsak. Denne veka har eg nemleg jobba på golvet (i service verkstaden) på Rolls-Royce der eg til vanleg jobbar på kontor som reservedelselgar. Dette på grunn av at eg har ordna meg ein avtale der eg får omlag ei veke i månaden i verkstaden, medan eg resten av tida jobbar oppe på kontoret. Denne avtalen ønskte eg meg slik at eg kunne få litt praksis og arbeide med hendene, for å sjå kva det faktisk er eg sel delar til. Nok om det. Her er ei lita summering av veka:

Det heile starta på mandag då eg møtte opp i verkstaden og fekk meg ein dress og litt utstyr. Eg fekk så tildeldt oppgåve i frå formannen i verkstaden. Eg skulle vere med på overhaling av ein thruster, nærare bestemt ein Azimuth thruster, som ser omtrent slik ut:

Ein azimuth thruster heng under skroget på båten og kan rotere 360 grader for å gjere båten i stand til å manøvrere sikkert og rett ved vanskelege forhold.
Jobben ved overhaling inneheld bl.a. følgande oppgaver: Demontering, reingjering, sliping, sjauing, pussing, måling og samanstilling/montering. Det inneber at ein under demontering må tømme thrusteren for gammal og stinkande olje, spyle han rein for gamle og stinkande skjel og løyse boltar som skjuler meir gamal olje og gamle skjel. Dette høyrer kanskje ut som drittarbeid, men eg må seie at eg likte godt denne veka i verkstaden sjølv om eg måtte både spyle og slipe til kjeledressen hadde ein heilt annan farge en då eg fekk han utdelt.
Det som var aller mest spanande var å få sjå korleis ting fungerte, til dømes korleis ståldelar er krympa inn på kvarandre for å låse dei, og korleis ein kan måle klaringar ned i hundredels millimeter. Det er monge ting som skal stemme og under demontering får ein gjennom målingar undersøke kva delar som er mest slitne og kva delar ein kan bruke opp att mellom anna.
Då demontering og vasking av delar var ferdig, kunne vi starte på samanstilling, men tru ikkje at reingjering og sliping var over av den grunn. Gearhuset, som alle delane står montert inne i, kom tilbake frå sandblåsing og grunning og måtte no demonterast på nytt, og alle flater der stål møter stål måtte vaskast og slipast for tetningsstoff før vi kunne starte å sette på plass delane att. Så dette er ein omstendeleg prosess.
Det siste eg fekk med meg av denne jobben var å vere med på å sette saman propellakslingen og det inneber å sveise på låsing på mutterar og boltar, noko eg fekk prøve meg på. Lat meg berre seie det, sveising er veldig fascinerande!

No blei dette mykje "fagleg" pjatt, men det er stort sett dette veka mi har bestått i, og mandag til torsdag jobba eg tolv timars skift, difor har eg ikkje so mykje anna å melde i denne omgong.

Men til veka reiser eg ned til min kjære på onsdag ettermiddag og skal ha ei fin og avslappa langhelg saman med ho, og andre kjente. So då er det håp om eit meir fengjande blogg inlegg.

onsdag 12. september 2007

Marius entrar blogginga si verd


Meg og mi kjære Siri (bilete frå før vi blei
kjærestar)

Heisann folkens, ja da har det store skjedd, eg trer inn i blogginga si verd. I denne augneblink har eg bestemt meg for at dette skal skje under meir eller mindre kontrollerte former. Og som den observante lesar allereie har notert seg skal denne bloggen foregå på ekte reinspikka nynorsk (eller so godt som eg kan få det til). Dette er ingen lovnad om perfekt grammatisk nynorsk, men eg oppfordrar alle som les til å kome med konstruktiv kritikk når det kjem til rettskrivinga.


Vidare kan det vere greit å introdusere meg litt for uinvidde. Mitt navn er Marius Scheide. Eg er fødd og oppvaksen på Skeide i Ulsteinvik, som ligg på Sunnmøre. Her budde eg fram til hausten 2005 då eg drog i militæret, noko som ikkje var heilt midt i blinken for meg, men det er ei anna historie. Etter eit opphald heime med jobbing i ca. eit halvt år ved Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik, som altmoglegmann og seinare lagermedarbeidar, fann eg ut at eg ville freiste folkehøgskulelivet. Dette skulle vise seg å bli, om ikkje det beste året i mitt liv, so i allefall ein sterk kandidat.


Året tilbrakte eg på Sagavoll Folkehøgskole i Gvarv i Telemark (7 km frå Bø). Her var vi rundt 110 elevar samla med ein veldig dyktig lærarstab og eit heilt utruleg fantastisk miljø, både elevar og lærar i mellom. Eg gjekk musikklina og fekk prøvd meg på både mitt primærinstrument; gitar, so vel som bass, slagverk og song ved dei ulike konsertprosjekta, og på årets musikklasse-cd sang eg og min kjære ven Odd Arne på ei av låtane.
Det var også på Sagavoll eg traff kjærasten min Siri som eg no har vore i lag med i to og ein halv månad, desse månadane har vore ubeskrivelige for meg og eg merker eg blir meir og meir glad i deg Siri!! Tusen takk for at du er den du er :)


Eg vil her berre rette ei stor takk til alle elevane og lærarane som gjorde dette skuleåret so fantastisk, dykk ligg mitt hjarte nær og er det noko eg nokon gong kan hjelpe dykk med, so vær ikkje redde for å ta kontakt.


I desse dagar har nye elevar innteke Sagavoll og eg må seie at dette kjennes litt rart, men eg unnar kvar og ein av dei nye elevane dette året. Eg, derimot, har endeleg funne ut av kva eg skal gjere denne hausten, og sjølv om det lenge stod mellom skule enten i Bergen eller Trondheim har valet no falle på å jobbe. So får eg ta skulegang opp til ny vurdering for neste haust.
Eg arbeider på Rolls Royce i Ulsteinvik nok ein gong, men no sit eg på serviceavdelinga og sel reservedelar til thrusterar og gear på båtar rundt om kring på dei sju hav.


Dette blei eit langt innlegg ser eg, men eg følte for å gje ein litt grundig introduksjon når eg først var i gong. So vil eg freiste å oppdatere bloggen med ein frekvens som gjer at det går an å sjekke innom i ny og ne og faktisk finne noko nytt å lese. Men dette er ingen lovnad på noverande tidspunkt.


I mellomtida kan du kanskje spise ein banan eller to og fundere over kva du skal ha på brødskiva i morgon, eller gjere noko heilt anna.


[Redigert 02.11.2012: Retta skrivefeil]