Hei alle saman :)
I går, laurdag 29 nov. var det duka for adventsfest i laget, som eg har nevnt før. Dette er altså Trondheim kristelege studentlag.
Dette skulle vise seg å bli ein hektisk laurdag for monge, meg medrekna, men alt i alt trur eg alle som ein tykte det var verdt det.
Dette var synet som møtte oss då vi kom, vi kom eigentleg frå andre sida, men la gå. Vakkert dandert med faklar, som var enklare å sjå i verkelegheita, bilete blir fattige.
Det var over 60 påmelde og alle var involvert i at dette skulle bli ei flott oppleving. Nokon meir enn andre sjølvsagt, men alle hadde minst ei oppgave dei var sett til å gjere. Eg for eksempel skulle rydde opp bord og stolar etter det velsmakande koldtbordet vi fekk til middag. Siri laga riskrem som vi fekk til dessert, nam nam :)
Etter middag, musikk frå bandet og dessert var det duka for gang rundt juletreet (no er ikkje eg so god på å identifisere tre, men gran var det ikkje, kanskje bjørk?) ute på plassen til Berg prestegård, for somme. Medan eg og fem seks andre staute kvinner og karar rydda vekk bord og stolar i ei voldsom fart, med ein presisjon som ikkje er mange forunt. På kjøkenet gjekk oppvasken unna på eit blunk, so gjengen der gjorde og ein kjempejobb.
Juletre og juletre fru Blom. Men sangglede å g julestemning manlga det ikkje på :)
Når julesongane var tralla, føtene ferdig nedkjølt av juletregang og fata gullande reine var det duka for polynese (på kryss og tvers gjennom heile huset). Før det eminente husbandet spelte opp til swinging og svansing på golvet. Det lot til at alle hadde det kjekt, om stega satt som spikra eller det var improvisasjonen som råda.
For paret i dette biletet er nok det siste eksempelet beskrivande :)
Bandet bestod av underteikna, Håkon Møller, Øyvind Rønningstad og Andreas Egholm. Og var kanskje kveldens kjekkaste prosjekt for min del. Vi hadde funne ut, leda an av Håkon, at vi ville spele litt musikk som passa til kveldens tema. Nemleg 60-talls galla. Vi fekk inn to øvingar på rundt to timar kvar og hadde fire songar klare for kvelden. Andreas song på "Come together", "Yellow Submarine" og "Can't buy me love", alle er Beatles låtar som dei fleste av dykk sikkert har høyrt. Den siste songen var "Blue suede shoes" som eg fekk synge på.
Dette biletet vel eg å kalle "Rope på Håkon" (meg og Andreas)
Etter siste øvinga følte vi at vi hadde ganske god kontroll, men det skulle vise seg at teori ikkje alltid er det same som praksis. Det kan for eksempel være ein fordel å forsikre seg om at alle instrumenta er stemt likeins (og leita fram i frå kofferten) før ein har starta å spele, men la gå. Vi hadde det i allefall kjekt, ikkje minst med planlegginga og øvinga, men også med framføringa.
Medan nokon spelte å dansa var det andre som jobba på spreng for å få utallige liter kaffi, og mange gode kaker på bordet slik at slitne kroppar skulle få noko å bite i. No var det fritt fram for dansing eller prating rundt borda. Fram til vi ein etter ein fann ut at vi var mette på både mat, dans og kos, og snudda nasa heim etter ein kjempeflott adventsfest som i allefall eg vil huske på longt inn i romjula.
Monge flotte folk i godt lag :) Good times :)
Vil på vegne av meg sjølv få takke alle som var med. Både for organisering og fiksing, so vel som veldig hyggelig selskap.