torsdag 20. november 2008

No er det vinter i Trondheim.

Ja folkens, no er det monge longe månadar sidan sist eg skreiv noko som helst på denne sida.

Det er fleire årsaker til dette, som eg kanskje kjem til å skrive om seinare, men for no kan eg fortelje at formen er på topp og at eg har det kjempefint her i Trondheim.

Eg kan no seie litt om kva som har hendt den siste tida, den 25. oktober var det feiring av 50-års jubileet til mor mi. Det heile blei eit kjempekalas med over åtti gjestar, som alle var der for at mamma skulle ha det fint og kjekt. Og ho storkosa seg, det var veldig artig å være i selskapet og sjå mamma kose seg slik, det fortjenar du :)

I den anledning var eg altså ein tur heime i Ulsteinvik, og sidan eg er student tok eg meg den friheit til å bli verande der i ei vekes tid i lag med kjærasten min Siri, det var kjekt å kunne slappe av i litt andre omgivelsar. Siri måtte reise opp att for å få med seg nokre forelesningar, og eg blei ei stund til heime, men sidan 6. november, når eg køyrde opp att har eg vore i bartebyen. Og har hatt det kjempekjekt den siste tida.

Eg har vore med og spelt i lovsangsteam i Laget (Trondheim kristelige studentlag) noko eg tykkjer har vore veldig kjekt og givande. Eg har vore med på nokon øvingar i koret Con Anima, og det har gitt meirsmak.

Samtidig har den siste tida med eit høgare energinivå gitt meg eit push til å få tak i ting eg treng til hybelen og som student. So i det siste har eg vore på Ikea, Jula og mange andre butikkar for å gjere investeringar. Hyller, printer og laptop (meir om det når MacBooken kjem ;) ) er anskaffa, so pengane har fått bein å gå på.

Men det får være nok for denne gong. Eg vonar at neste inlegg kjem raskare enn dette gjorde, slik at det kan bli ein vits for folk å kike innom, dersom dei lurer på kva som skjer med Marius her i Trondheim.

No lakkar og lir det mot jul (men er no enno ei stond att heldigvis), og at vinteren melder sin ankomst er det inga tvil om. Eg var ute og gjekk meg ein tur og knipsa nokon bilete med mobilen min som eg tenkte eg kunne vise dykk :)

Med eit håp om at det ikkje blir eit halvt år til neste gong eg skriv her :)

Raudien står og frys for tida stakar.

Har alle ungane gått i hi?

Det majestetiske Tyholttårnet, der åt vi for nokre veker sidan, på Egon i toppen.

Til slutt vil treet Tarjei få seie hade for denne gong.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marius, bra å høyre at du har det kjekt i byen! Har sett altfor lite av deg her oppe, men vi er vel opptatt med vårt begge to.
Forhåpentleg skal vi klare å øke frekvensen av besøk slik som du skal øke frekvensen på innlegg.
Høyres ut som om du har funne deg til rette i Trondheim, og det er bra, for det e en veldig bra by å vere student i.

Nei, tilbake til lærebøkene!
Lykke til vidare!
Snakkast!

siri sa...

heia vennen :) må sei at eg synes det er kjempekjekt å lesa innleggene dine! eg synes du er så flink til å skrive :) gla i deg :) klem fra jenta di :)