Hausten har for alvor innteke Trondheim. Det regnar. Gule blad slepp taket og legg seg som eit teppe i gatene. Naser snytast. Te vert konsumert.
Hausten er naturen si stengetid. No skal virksomheita sakkast ned. For snart kjem ein kald og mørk vinter. Då er det greit og spare på kreftene og gjere seg klar til neste sesong.
Samtidig på Gløshaugen: Ti tusen flittige og mindre flittige studentar sprer liv i lokala. "Haustsemesteret er so kort" kan nokon meddele. Då er det godt at vi har fint ver ute til å vere inne i. For her er det lite tid å miste før eksamensperioda er over oss. "Og da gjelder det å stå", som Øystein Sunde seier.
Trass i alt dette har eg sjølv vore merkverdig roleg i forhold til skulekøyret. Angsten for stryk og dårlege prestasjonar har uteblitt. Akkurat det ordnar seg nok sjølv når desember nærmar seg.
Det eg vil fortelje derimot, er kva denne mangelen på skuledriv har ført til.
Hausten er naturen si stengetid. No skal virksomheita sakkast ned. For snart kjem ein kald og mørk vinter. Då er det greit og spare på kreftene og gjere seg klar til neste sesong.
Samtidig på Gløshaugen: Ti tusen flittige og mindre flittige studentar sprer liv i lokala. "Haustsemesteret er so kort" kan nokon meddele. Då er det godt at vi har fint ver ute til å vere inne i. For her er det lite tid å miste før eksamensperioda er over oss. "Og da gjelder det å stå", som Øystein Sunde seier.
![]() |
| "Fall in Spring" - Daiho Roshi |
Det eg vil fortelje derimot, er kva denne mangelen på skuledriv har ført til.
- Eg har sett Folkeopplysningen på NRK, og følgt debatten dette har ført til med interesse. (Episode 5 og 6 er enno tilgjengelege på NRK nett-tv)
- Kjøpt meg iPad
- Blitt voldsomt nysgjerrig på kritisk tenking. Det og ikkje alltid godta det andre skriv eller fortel utan å få ei tilfredstillande begrunning.
- Begynt å lytte til eit par nye podcastar: Saltklypa og Skeptics Guide to the Universe. Begge vil eg anbefale på det varmaste til den som er nysgjerrig.
- Meldt meg på "Changemaker helg" i Trondheim, for å lære meir om denne organisasjonen, og bli med på å redde verda. (Veldig kjekt om fleire kjende vil vere med på dette.)
- Vore med på møte om mogleg oppstart av studentlag i Framtiden i Våre Hender her i Trondheim. Dette var eit interessant og engasjerande møte. Det skal bli spanande å sjå kva som kjem ut av dette.
Og då kjem vi tilbake på tittelen på innlegget. Alle punkta over representerer hendingar som har gitt meg energi og glede. Felles for dei er og at dei ikkje har direkte med skulearbeid å gjere. Historisk har eg ikkje vore ein veldig engasjert person. Kan hende vert eg ikkje det no heller, men følelsen eg sit att med kan godt kallast våryr.
Har du gjort eller opplevd noko i haust som har gitt deg energi eller glede?

1 kommentar:
Haust i Nederland er sommer som jeg er vantmed i gode gamle ulsteinvik, så haust følelsen er nok ikke på plass heilt enda, å er redd for att kong vinter har lagt ett teppe over tune når ej kjem heim. Godt innlegg med noen tenkendende ord som kjem godt med i en ellers stressende formiddag her i helmond. Ha en fin dag bror :)
Legg inn en kommentar