Då sit eg sliten og god i sofaen til Rolf-Henning etter ein artig tur på Vassfjellet. Vi var tre stykker, meg og Rolf på snøfjøl og Jiri (ein tjekkisk studiekamerat av Rolf) sto på slalom.
Eg har diverre ingen bilete frå hendinga, tenkte berre eg skulle skrive eit innlegg som fortalde kva eg hadde brukt kvelden til, sikkert ikkje veldig interessant. Det som kan være interessant for folk i området er at forholda var ganske gode, og løypene er heilt greit opplyst, so ein tur i bakken for 180 spenn er verdt det :)
Eg hadde eigentleg bestemt meg for å droppe kveldens tur i og med at eg skal på torsdagskvelden og, men angrar ikkje på at eg for no.
Kvelden hadde sin dose av tryn etter feilberegningar på hoppkanten, men var allikevel vel verdt det. Blei godt sleten mot slutten og merka at det gjekk utover prestasjonane, men alt i alt var det veldig artig.
På torsdag blir det altså ny tur i bakken, da i lag med Ragnhild, Ingunn og kanskje Marit om ho får tid. Det er alle eg kan få plass til i min bil, men dersom andre kjente har lyst å reise dit so hadde no det vore kjekt, men då må transport ordnast på anna vis.
For å oppsumere, ei skikkelig god treningsøkt i bakken i kveld. Og ny moglegheit for kjekt lag og knall og fall på torsdag med avreise frå Trondheim i fire halv fem tida.
Fred ut.
2 kommentarer:
Jeg er misunnelig.. Jeg vil og i bakken!!
Godt å lese fra deg og Siri igjen :)
Ja det er anbefalt :)
Bortsett frå at kroppen min følest som den har blitt overkøyrt av ein traktor eller liknande er alt i skjønnaste orden :)
Bra at nokon les det eg skriv i allefall :)
Legg inn en kommentar