fredag 2. oktober 2009

Tida rasar avgårde

Inspirert av ein god ven (Kjartan), prøver eg med dette å auke frekvensen på mine blogginnlegg.

Dette for bli ei kjapp oppdatering av kva eg har fått gjort den siste tida.

Eg har fått levert halvparten av matteøvingane for hausten. Øving 6 blei levert i går kveld faktisk meir en tolv timar før frista.

Eg har fått prøve korleis det er å vere forkjøla, og samtidig vere nødt til å opprettholde eit høgt arbeidstempo for å ikkje bli hengande etter. Det går på eit vis, men følest ikkje sunt.

Eg har fått sett dei to første episdoene av den nye sesongen i både "How I Met Your Mother" og "Big Bang Theory". Dersom du ikkje har gjort det so kan du rekne det som anbefalt.

Eg har laga ein fungerande Imponator! Gjennom byggekurs hos Omega Verksted. Den blinkar og lyser på ein serdeles imponerande og transeframkallande måte. Berre sjå her:



Eg har stått på stand på Stripa for flyklubben. Det var ein artig erfaring, det viser seg at det kan vere ein del som eigentleg er litt nysgjerrige, men som ikkje heilt tør å kome bort til oss og prate. So resultatet blei å spørre alle som gikk forbi: "Lyst til å prøve seglfly?". Noko som føltes litt kunstig for meg, sidan den same setninga blei repetert fleire gongar i minuttet, men som faktisk førte til ein del utdelte brosjyrer.

Dersom du har lyst å prøve seglfly, og befinn deg i Trondheim, sjekk ut www.nthf.no. Befinn du deg andre stadar i landet sjekk ut www.seilfly.no og leit etter ein klubb nær deg. Det er ei rå oppleving!

Dett var dett for denne gong. Vi talast.

2 kommentarer:

Kjartan sa...

Føler meg beæret som får inspirere folk til å skrive blogg ;)

Det er rett og slett utrolig kjekt å lese blogg, holde meg oppdatert på hva du gjør. Konge at du har kommet godt i gang på skolen, jeg ble også imponert av Imponatoren. Forklarer vel navnet ;)

Kjenner også veldig godt til å kombinere syktdom med like mye skolearbeid. Det går heldigvis over tilslutt, men suger..

Alltid kjekt å lese, Marius.

Kos og klapp, Kjartan.

Unknown sa...

Utrulig artig og se att du forsatt oppdaterer bloggen din kjære bror :) Artig og lese hva du bedriver din tid i Trondheim med:)

Dinna Imponatoren må ej få sjå in real :D

So må ej berre få legge til, att de e utrulig stili att du helde på med seilflysertfikatet. De hakje vert mj som sku fly der oppe mellom skyene. Men syns de er utrulig stilig som sagt..

hoper på nye innlegg fremover for dette er interessant

hilsen fra din kjære bror :)