søndag 30. november 2008

Adventsfest i Laget

Hei alle saman :)

I går, laurdag 29 nov. var det duka for adventsfest i laget, som eg har nevnt før. Dette er altså Trondheim kristelege studentlag.

Dette skulle vise seg å bli ein hektisk laurdag for monge, meg medrekna, men alt i alt trur eg alle som ein tykte det var verdt det.

Dette var synet som møtte oss då vi kom, vi kom eigentleg frå andre sida, men la gå. Vakkert dandert med faklar, som var enklare å sjå i verkelegheita, bilete blir fattige.

Det var over 60 påmelde og alle var involvert i at dette skulle bli ei flott oppleving. Nokon meir enn andre sjølvsagt, men alle hadde minst ei oppgave dei var sett til å gjere. Eg for eksempel skulle rydde opp bord og stolar etter det velsmakande koldtbordet vi fekk til middag. Siri laga riskrem som vi fekk til dessert, nam nam :)

To stykk særs nøgde gjestar :)

Etter middag, musikk frå bandet og dessert var det duka for gang rundt juletreet (no er ikkje eg so god på å identifisere tre, men gran var det ikkje, kanskje bjørk?) ute på plassen til Berg prestegård, for somme. Medan eg og fem seks andre staute kvinner og karar rydda vekk bord og stolar i ei voldsom fart, med ein presisjon som ikkje er mange forunt. På kjøkenet gjekk oppvasken unna på eit blunk, so gjengen der gjorde og ein kjempejobb.

Juletre og juletre fru Blom. Men sangglede å g julestemning manlga det ikkje på :)

Når julesongane var tralla, føtene ferdig nedkjølt av juletregang og fata gullande reine var det duka for polynese (på kryss og tvers gjennom heile huset). Før det eminente husbandet spelte opp til swinging og svansing på golvet. Det lot til at alle hadde det kjekt, om stega satt som spikra eller det var improvisasjonen som råda. 

For paret i dette biletet er nok det siste eksempelet beskrivande :)

Bandet bestod av underteikna, Håkon Møller, Øyvind Rønningstad og Andreas Egholm. Og var kanskje kveldens kjekkaste prosjekt for min del. Vi hadde funne ut, leda an av Håkon, at vi ville spele litt musikk som passa til kveldens tema. Nemleg 60-talls galla. Vi fekk inn to øvingar på rundt to timar kvar og hadde fire songar klare for kvelden. Andreas song på "Come together", "Yellow Submarine" og "Can't buy me love", alle er Beatles låtar som dei fleste av dykk sikkert har høyrt. Den siste songen var "Blue suede shoes" som eg fekk synge på.

Dette biletet vel eg å kalle "Rope på Håkon" (meg og Andreas)

Etter siste øvinga følte vi at vi hadde ganske god kontroll, men det skulle vise seg at teori ikkje alltid er det same som praksis. Det kan for eksempel være ein fordel å forsikre seg om at alle instrumenta er stemt likeins (og leita fram i frå kofferten) før ein har starta å spele, men la gå. Vi hadde det i allefall kjekt, ikkje minst med planlegginga og øvinga, men også med framføringa.

Medan nokon spelte å dansa var det andre som jobba på spreng for å få utallige liter kaffi, og mange gode kaker på bordet slik at slitne kroppar skulle få noko å bite i. No var det fritt fram for dansing eller prating rundt borda. Fram til vi ein etter ein fann ut at vi var mette på både mat, dans og kos, og snudda nasa heim etter ein kjempeflott adventsfest som i allefall eg vil huske på longt inn i romjula.

Monge flotte folk i godt lag :) Good times :)

Vil på vegne av meg sjølv få takke alle som var med. Både for organisering og fiksing, so vel som veldig hyggelig selskap.

torsdag 20. november 2008

No er det vinter i Trondheim.

Ja folkens, no er det monge longe månadar sidan sist eg skreiv noko som helst på denne sida.

Det er fleire årsaker til dette, som eg kanskje kjem til å skrive om seinare, men for no kan eg fortelje at formen er på topp og at eg har det kjempefint her i Trondheim.

Eg kan no seie litt om kva som har hendt den siste tida, den 25. oktober var det feiring av 50-års jubileet til mor mi. Det heile blei eit kjempekalas med over åtti gjestar, som alle var der for at mamma skulle ha det fint og kjekt. Og ho storkosa seg, det var veldig artig å være i selskapet og sjå mamma kose seg slik, det fortjenar du :)

I den anledning var eg altså ein tur heime i Ulsteinvik, og sidan eg er student tok eg meg den friheit til å bli verande der i ei vekes tid i lag med kjærasten min Siri, det var kjekt å kunne slappe av i litt andre omgivelsar. Siri måtte reise opp att for å få med seg nokre forelesningar, og eg blei ei stund til heime, men sidan 6. november, når eg køyrde opp att har eg vore i bartebyen. Og har hatt det kjempekjekt den siste tida.

Eg har vore med og spelt i lovsangsteam i Laget (Trondheim kristelige studentlag) noko eg tykkjer har vore veldig kjekt og givande. Eg har vore med på nokon øvingar i koret Con Anima, og det har gitt meirsmak.

Samtidig har den siste tida med eit høgare energinivå gitt meg eit push til å få tak i ting eg treng til hybelen og som student. So i det siste har eg vore på Ikea, Jula og mange andre butikkar for å gjere investeringar. Hyller, printer og laptop (meir om det når MacBooken kjem ;) ) er anskaffa, so pengane har fått bein å gå på.

Men det får være nok for denne gong. Eg vonar at neste inlegg kjem raskare enn dette gjorde, slik at det kan bli ein vits for folk å kike innom, dersom dei lurer på kva som skjer med Marius her i Trondheim.

No lakkar og lir det mot jul (men er no enno ei stond att heldigvis), og at vinteren melder sin ankomst er det inga tvil om. Eg var ute og gjekk meg ein tur og knipsa nokon bilete med mobilen min som eg tenkte eg kunne vise dykk :)

Med eit håp om at det ikkje blir eit halvt år til neste gong eg skriv her :)

Raudien står og frys for tida stakar.

Har alle ungane gått i hi?

Det majestetiske Tyholttårnet, der åt vi for nokre veker sidan, på Egon i toppen.

Til slutt vil treet Tarjei få seie hade for denne gong.

søndag 23. september 2007

"Gutta på Gølvet"

No er det ei stund sidan eg starta denne bloggen, og aktiviteten frå mi side må kunne seiast å vere ganske laber, men dette har ei naturleg årsak. Denne veka har eg nemleg jobba på golvet (i service verkstaden) på Rolls-Royce der eg til vanleg jobbar på kontor som reservedelselgar. Dette på grunn av at eg har ordna meg ein avtale der eg får omlag ei veke i månaden i verkstaden, medan eg resten av tida jobbar oppe på kontoret. Denne avtalen ønskte eg meg slik at eg kunne få litt praksis og arbeide med hendene, for å sjå kva det faktisk er eg sel delar til. Nok om det. Her er ei lita summering av veka:

Det heile starta på mandag då eg møtte opp i verkstaden og fekk meg ein dress og litt utstyr. Eg fekk så tildeldt oppgåve i frå formannen i verkstaden. Eg skulle vere med på overhaling av ein thruster, nærare bestemt ein Azimuth thruster, som ser omtrent slik ut:

Ein azimuth thruster heng under skroget på båten og kan rotere 360 grader for å gjere båten i stand til å manøvrere sikkert og rett ved vanskelege forhold.
Jobben ved overhaling inneheld bl.a. følgande oppgaver: Demontering, reingjering, sliping, sjauing, pussing, måling og samanstilling/montering. Det inneber at ein under demontering må tømme thrusteren for gammal og stinkande olje, spyle han rein for gamle og stinkande skjel og løyse boltar som skjuler meir gamal olje og gamle skjel. Dette høyrer kanskje ut som drittarbeid, men eg må seie at eg likte godt denne veka i verkstaden sjølv om eg måtte både spyle og slipe til kjeledressen hadde ein heilt annan farge en då eg fekk han utdelt.
Det som var aller mest spanande var å få sjå korleis ting fungerte, til dømes korleis ståldelar er krympa inn på kvarandre for å låse dei, og korleis ein kan måle klaringar ned i hundredels millimeter. Det er monge ting som skal stemme og under demontering får ein gjennom målingar undersøke kva delar som er mest slitne og kva delar ein kan bruke opp att mellom anna.
Då demontering og vasking av delar var ferdig, kunne vi starte på samanstilling, men tru ikkje at reingjering og sliping var over av den grunn. Gearhuset, som alle delane står montert inne i, kom tilbake frå sandblåsing og grunning og måtte no demonterast på nytt, og alle flater der stål møter stål måtte vaskast og slipast for tetningsstoff før vi kunne starte å sette på plass delane att. Så dette er ein omstendeleg prosess.
Det siste eg fekk med meg av denne jobben var å vere med på å sette saman propellakslingen og det inneber å sveise på låsing på mutterar og boltar, noko eg fekk prøve meg på. Lat meg berre seie det, sveising er veldig fascinerande!

No blei dette mykje "fagleg" pjatt, men det er stort sett dette veka mi har bestått i, og mandag til torsdag jobba eg tolv timars skift, difor har eg ikkje so mykje anna å melde i denne omgong.

Men til veka reiser eg ned til min kjære på onsdag ettermiddag og skal ha ei fin og avslappa langhelg saman med ho, og andre kjente. So då er det håp om eit meir fengjande blogg inlegg.

onsdag 12. september 2007

Marius entrar blogginga si verd


Meg og mi kjære Siri (bilete frå før vi blei
kjærestar)

Heisann folkens, ja da har det store skjedd, eg trer inn i blogginga si verd. I denne augneblink har eg bestemt meg for at dette skal skje under meir eller mindre kontrollerte former. Og som den observante lesar allereie har notert seg skal denne bloggen foregå på ekte reinspikka nynorsk (eller so godt som eg kan få det til). Dette er ingen lovnad om perfekt grammatisk nynorsk, men eg oppfordrar alle som les til å kome med konstruktiv kritikk når det kjem til rettskrivinga.


Vidare kan det vere greit å introdusere meg litt for uinvidde. Mitt navn er Marius Scheide. Eg er fødd og oppvaksen på Skeide i Ulsteinvik, som ligg på Sunnmøre. Her budde eg fram til hausten 2005 då eg drog i militæret, noko som ikkje var heilt midt i blinken for meg, men det er ei anna historie. Etter eit opphald heime med jobbing i ca. eit halvt år ved Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik, som altmoglegmann og seinare lagermedarbeidar, fann eg ut at eg ville freiste folkehøgskulelivet. Dette skulle vise seg å bli, om ikkje det beste året i mitt liv, so i allefall ein sterk kandidat.


Året tilbrakte eg på Sagavoll Folkehøgskole i Gvarv i Telemark (7 km frå Bø). Her var vi rundt 110 elevar samla med ein veldig dyktig lærarstab og eit heilt utruleg fantastisk miljø, både elevar og lærar i mellom. Eg gjekk musikklina og fekk prøvd meg på både mitt primærinstrument; gitar, so vel som bass, slagverk og song ved dei ulike konsertprosjekta, og på årets musikklasse-cd sang eg og min kjære ven Odd Arne på ei av låtane.
Det var også på Sagavoll eg traff kjærasten min Siri som eg no har vore i lag med i to og ein halv månad, desse månadane har vore ubeskrivelige for meg og eg merker eg blir meir og meir glad i deg Siri!! Tusen takk for at du er den du er :)


Eg vil her berre rette ei stor takk til alle elevane og lærarane som gjorde dette skuleåret so fantastisk, dykk ligg mitt hjarte nær og er det noko eg nokon gong kan hjelpe dykk med, so vær ikkje redde for å ta kontakt.


I desse dagar har nye elevar innteke Sagavoll og eg må seie at dette kjennes litt rart, men eg unnar kvar og ein av dei nye elevane dette året. Eg, derimot, har endeleg funne ut av kva eg skal gjere denne hausten, og sjølv om det lenge stod mellom skule enten i Bergen eller Trondheim har valet no falle på å jobbe. So får eg ta skulegang opp til ny vurdering for neste haust.
Eg arbeider på Rolls Royce i Ulsteinvik nok ein gong, men no sit eg på serviceavdelinga og sel reservedelar til thrusterar og gear på båtar rundt om kring på dei sju hav.


Dette blei eit langt innlegg ser eg, men eg følte for å gje ein litt grundig introduksjon når eg først var i gong. So vil eg freiste å oppdatere bloggen med ein frekvens som gjer at det går an å sjekke innom i ny og ne og faktisk finne noko nytt å lese. Men dette er ingen lovnad på noverande tidspunkt.


I mellomtida kan du kanskje spise ein banan eller to og fundere over kva du skal ha på brødskiva i morgon, eller gjere noko heilt anna.


[Redigert 02.11.2012: Retta skrivefeil]