onsdag 31. desember 2008

Godt nytt år!!

Hei alle saman.

Det er blitt ei stund sidan sist eg skreiv her på bloggen, men slik er det i jula, tida går fort. Det er mange ting eg tenkte eg kanskje skulle få gjort i jula.

  • Å rydde opp i mitt personlige arkiv, som inneber eit par permar med alle papir eg har moteke frå forskjellige instansar er ein av dei.
  • Å fikse nokre småting på bilen er ein annan.

Men papira ligg på romet mit her hos mamma på same måten som eg la dei i frå meg for nesten ein månad sidan. Og den einaste oppdatirnga på bilen er at eg har kobla radioantenna til spelaren. Og no sit eg då her på nyttårsafta etter ein kjempegod middag i lag med bror min og mor mi. Angrar eg på at orden ikkje er oppnådd i papira, medan tida i staden har gått til timevis med muliplayer i Gears of War 2 og kiking på sesong 2 av Lost i lag med broren min? Eller lange kveldar på besøk hos gode vener, der leggetida alltid på magisk vis strekk seg longt over 2? Nei eg angrar ikkje på at eg har brukt jula til desse tinga. Eg er takksam for at eg kan få lov til å gjere det. Eg er ein del av eit svært heldig mindretal.

Den seinare tida har eg blitt meir og meir merksam på kva som skjer rundt om i verda. Dei fleste har vel fått med seg at kamphandlingar har blussa opp i Midtvesten. Eg skal ikkje påberope meg for mykje kunnskap om det som skjer mellom Israel og Hamas i desse dagar. Men eg tykkjer svært synd på dei folka som er ramma.

Uskuldige på begge sider er blitt offer for raketter, sendt avgarde fleire mil i frå måla dei treff. Eg kan forstå at Israel er nøydde til å forsvare seg når Hamas sender rakettar inn i landet deira mot tilsynelatande tilfeldige mål. Men eg kan og forstå (ærleg talt kan eg vel ikkje starte på å inbille meg det eingong, men eg vel å seie det slik.) frykten blant sivile både i Israel og på Gaza-stripa, som føler seg fanga mellom to stridande makter dei ikkje kan påvirke. Hamas blir av Israels talspersonar kalla ein terroristorganisasjon, og det er denne organisasjonen, som tok makten i Gaza gjennom kupp, Israel vil nedkjempe. Israel påstår at dersom Hamas gir opp sine angrep på Israelske mål, vil også Israel leggje våpena ned. Men ingen er villige til å legge øksa ned fyrst. Lat oss håpe på moglegheita for ei rask løysing på denne konflikta, endå historia viser at dette kan bli vanskelig.

Grunnen til at eg tek opp dette i eit "godt nyttår" innlegg er enno litt uklar for meg sjølv. Men eg meiner ikkje å seie at dykk ikkje skal feire i kveld og kose dykk med gode vener. Eg skal sjølv i kalas litt seinare, og har vorte beden i eit par andre. Eg dreg dit med glede over at eg har vener som vil vere saman med meg på nyttårsafta. Og eg har som sagt brukt massevis av tida mi på meir eller mindre meiningslause ting. Med meir eller mindre godt samvit.

Det eg vil seie er at no startar det eit nytt år, klisjeane er mange, blanke ark, teiknestifter og Gud veit kva. Kanskje er det mest symbolsk, men eg håpar på at eg sjølv, og gjerne fleire, dette året kan vende blikket litt utanfor mine eigne trygge stoveveggar, og prøve å finne måtar eg kan være litt til nytte for folk som virkeleg er i naud. 

Med desse tankane ut av hovudet og ned på "papiret" vil eg berre få seie det som eigentleg var bodskapen:

Godt nytt år folkens!!

Lat oss håpe det vert eit flott eit :)

fredag 19. desember 2008

Ein av sju sortar (og det blir med det)

I dag var dagen komen då eg skulle til besta for å bake den, i mine auge i allefall, viktigaste julekaka. Nemlig sirupsnippar. Ddt blir rett og slett ikkje skikkelig jul utan. Dette har vanlegvis blitt gjort av besta på eiga hand, men no tek ho til å merke alderen, so det blir vansklegare å vansklegare å få til det ho gjorde før. Men for å vere 88 år tykkjer eg allikevel det er ei sprek mormor eg har. Sirupsnippar må ein altså ha, so eg fekk det føre meg at eg skulle bake. Geleida av mesteren på området.

Dette er altså besta, her er ho i full gang med å dele mandlar.

Deigen laga eg i kvelden før, fordi den skal kvile over natta for å bli avkjølt. Medan mamma tok på seg ansvaret for å skolde og flå mandlane. Sjølv om desse mandlane vistnok var litt rebelske, fekk ho flådd dei og alt var klart til bakinga neste dag.

Eg var som vanleg seint ute, skulle vere hos besta klokka eitt, kom dit fyrst klokka to. Nok om det, besta er ei tolmodig sjel, so ho tok det med fatning. No var altså sanningens time komen, eg skulle bake mi første leiv med snippar. Eg klaska ein klump med deig i plata og tok til å kjevle det beste eg viste, dette gjekk på sett og vis bra. Problemet var at deiga blei for klissete og eg hadde nytta for lite mjøl, so det blei nokon misforma kaker som havna på steikjebrettet.

Ein nøgd læresvein med kjevla i hand.

Klok av skade brukte eg rikeleg med mjøl og snudde på leiva eit par gongar og la på nytt mjøl, samt at eg brukte litt mindre krefter på kjevla so leiva ikkje blei slett so syltynn. Denne gongen vart det lettare å skilje kakene frå plata. Når denne sanninga var innsett gjekk det meir som ein leik å få kakene klar for omnen. Men før dei kom dit var det besta som med stødig hand la på mandlane som vi brukte som pynt. Etter nokre minutt i omnen på rundt 190grader var kakene ferdige. Nokre vart nesten brende, medan andre hadde den fine gyllenbrune fargen som det er meininga dei skal ha, men smaken var heldigvis jamt over god.

Her ser dykk utsikta åt ein sirupsnippkakebakar. Kjevle, "bølgepizzahjul"(bakelsspore for fagfolket), bestas heimelaga mal/linjal og ei leiv med oppkutta kaker.

På tampen vil eg rette ei takk til besta for godt lag og god opplæring. Dette er noko eg kan anbefale til andre, å ta seg litt tid ein dag dersom ein kan, og tilbringe den med besteforeldre. Kanskje gjere ein aktivitet slik som denne, det var i allefall kjekt for meg, og det trur eg besta tykte og.

Praktkaka, laga av siste leiven med deig. Skal nyttast som juletrepynt av besta i år.

Og no, slik at du og kan få moglegheita til å lage deg særs gode kaker til jul, kjem oppskrifta vi nytta. Denne var saksa frå eit vekeblad, so det er ingen familiehemligheiter som blir offentleggjort her, men eg kan love at dei er betre enn kjøpesnippar, meget mykje betre.

Oppskrift på Sirupsnippar:

1,5 dl mjølk
200 g sukker
200 g sirup
150 g smør
1,5 ts ingefær
1/4 ts pepar
1 ts natron
ca. 500 g kveitemjøl
skåldede mandlar til pynt

Lat mjølk, smør, sukker og sirup smelte saman, pass på å røre undervegs. Lat det koke opp so vidt før du tek det av varmen. Tilsett pepar, ingefær og natron og rør det godt inn. Hell dette over i ein bakebolle og sikt mjølet i. La deiga stå kjølig til neste dag.

Kjevle deiga ut i eit passeleg tjukt lag, pass på at det ikkje vert for tynt, då er det lett for å rive hol i kakene. Bruk ein bakelsspore (som eit lite pizzahjul med bølgjemønster) til å skjere dei i snippar. Her løner det seg å bruke ein linjal og skjere linjene med omtrent 3-4 cm mellomrom, bruk det du tykkjer passar best. Fyrst skjer du paralelle linjer, so eit nytt sett med paralelle linjer i omtrent 120 - 130 graders vinkel på dei første linjene. Pynt med delt mandel i midten.

Snippane steikast so gyllenbrune ved ca 190 grader i omnen.

Læremeister og læresvein takkar for merksemda og ynskjer lykke til med julebaksten.

lørdag 13. desember 2008

Holidays are coming

Som nokon sikkert legg merke til er overskrifta i dag henta frå julereklama til det nødvendige ondet, nemleg Coca-Cola. Drikken eg i allefall ikkje vil være heilt utan, sjølv om det kanskje kunne være det beste.

Begrunnelsen for denne uhemma reklameringa for eit selskap som eigentleg klarar det på eigen hand er at Cola lastebilen (det er vel eigentleg fleire bilar i sving, men la gå) har svinga innom heimby(gda) mi, og parkerte på Rema 1000 med biletetaking og sal av brus i kassevis.

Den nevnte biletetakinga var for ungar som fekk site på fanget til (Cola?) nissen. Bilda blei sjølvsagt prosesserte på to stykk iMac maskiner (noko som eg som macbrukar kan sete pris på i allefall).

Ein kan seie mykje om Coca-Cola og andre store selskap som tjenar pengar som gras. Men bilen var i allefall stilig. Her er fotobevis, desverre berre frå mobilen, men håpet er at bilete på denne bloggen i framtida skal kome frå litt meir profesjonelt utstyr, meir om det sidan.

Eg må seriøst få meg ei alternativ til dette mobilkameraet :P

Men motivet var det ikkje noko å seie på.

fredag 12. desember 2008

Heim til jul

Hei folkens.

Litt på etterskudd kjem kunngjeringa om at eg på nytt befinn meg i Ulsteinvik. Og her blir eg ut året, det høyrest kanskje lenge ut, men som den observante vil ha fått med seg er det faktisk berre snakk om vel tre veker. (Tørr som sand, men la gå)

Avreise tidspunkt var sett til ein eller annan gong på onsdag formiddag. Første post på programmet denne dagen var å få transportert mi kjære Siri og Marit ut til Værnes for å fraktast åt Stavanger i fly. So gjekk turen for meg attende til Trondheim med eit pitstop på Jula for å gå til anskaffelse av ti meter med fortøyingstau for sikring av eit motvilleg koffertlok som hadde funne ut at dette var tida for å ikkje gå i lås.

So heim å pakke bilen med nødvendige og kanskje unødvendige artiklar; telemarksski (ja vi håpar på ein tur i bakken før året er omme), ein særdeles tung sekk med skulebøker og anna og sesong 2 og 3 av Lost, generøst utlånt av Håkon som fekk meg til å ta opp att denne mildt sagt småmerkelege serien.

Det å få tjora bakluka igjen viste seg å ikkje berre være enkelt, men med litt triksing og miksing var det trygt forankra i nakkestøtta og eg hadde ikkje problemer med det resten av dagen. I halv eitt tida snudde eg nasen i retning sørlegare breiddegrader medan sola leita seg mot vest og bakom fjella.

Køyre turen gjekk føre seg utan nokon nevneverdige problem. Men underveis kom eg over ein eldre herremann som testa ut naudblinken på bilen sin midt i audemarka mellom Oppdal og Sunndal, men då eg stogga og skulle sjå om han trong hjelp vinka han meg berre vidare.

Då eg kom på fergekaia i Molde viste det seg at eg burde ha trykt litt ekstra på den pedalen lengst mot høgre. For ferga låg vel ikkje meir en tjue meter i frå kaia på vei mot Vestnes då eg trilla sakte men sikkert aller fremst i køa. Dette starta ein kjedereaksjon som førte til at eg ville bli for sein til åtte ferga frå Sulesund, og neste som gjekk var klokka ni. Då ringte eg til Sigve og vi treftest i leiligheta til ein kompis av han i dei ti minutta eg hadde til gode før eg måtte køyre vidare. Her gjeld det å utnytte tida ein har til rådigheit.

Då klokka so vidt hadde passert ti over halv ti på kvelden svinga eg inn på ein kjend grusvei og over ein liten haug og såg i døre hennar mor, som kom ut då ho høyrte duren av ein gammal slitar i frå tyskland.

Dagane etter eg kom har gått med til å synest synd på meg sjølv som plagast litt med bihular som ikkje har det heilt godt med seg sjølv. Ein tur til legen som kunne konstatere at dette om noko var virus og ikkje "trengte" (les: kunne hjelpast av) noko medisinsk behandling, so eg er overlatt til å ta det litt med ro og vente på betre tider.

Men eg er altså landa på Hareidlandet og blir her ein knapp månad. So no er det fritt føre for dei som kjennar meg, og mot all formodning les dette inlegget, å invitere meg på besøk, eller seg sjølve på besøk hit. Satsar på nokre kjekke gjensyn i jula :)

God jul, og hugs at de ikkje må la dykk overvelde av alt som skal gjerast men gje dykk sjølve lov til å slappe av litt óg.

fredag 5. desember 2008

"Legg nå breitt!!"

Heisann

Fram til no har eg skreve ein del om hendingar i kvardag og fest som eg har vore med på. Dette planlegg eg å halde fram med, men i tillegg tykkjer eg at denne bloggen kan være ein fin plass å skrive litt om mine eigne interesser og kva eg tykkjer er kult.

Ei av interessene mine er dataspel, ei anna er bilar. Og i dag kom eg over noko som blanda begge desse interessene.

Karane over på Xbox360Fanboy.com har skrive ein film eg tykte var ganske kul. Denne filmen viser tolv karar som kallar seg for "Project Blackjack" som har spesialisert seg på drifting (det å sladde med bilen so breidt og raskt som mogleg utan å misse kontrollen) i xbox360 spelet "Forza Motorsport 2". Filmen er ca 10 min med kule klipp og kul musikk.

Sjå filmen i denne artikkelen.

tirsdag 2. desember 2008

Årets første tur i bakken

Då sit eg sliten og god i sofaen til Rolf-Henning etter ein artig tur på Vassfjellet. Vi var tre stykker, meg og Rolf på snøfjøl og Jiri (ein tjekkisk studiekamerat av Rolf) sto på slalom.

Eg har diverre ingen bilete frå hendinga, tenkte berre eg skulle skrive eit innlegg som fortalde kva eg hadde brukt kvelden til, sikkert ikkje veldig interessant. Det som kan være interessant for folk i området er at forholda var ganske gode, og løypene er heilt greit opplyst, so ein tur i bakken for 180 spenn er verdt det :)

Eg hadde eigentleg bestemt meg for å droppe kveldens tur i og med at eg skal på torsdagskvelden og, men angrar ikkje på at eg for no.

Kvelden hadde sin dose av tryn etter feilberegningar på hoppkanten, men var allikevel vel verdt det. Blei godt sleten mot slutten og merka at det gjekk utover prestasjonane, men alt i alt var det veldig artig.

På torsdag blir det altså ny tur i bakken, da i lag med Ragnhild, Ingunn og kanskje Marit om ho får tid. Det er alle eg kan få plass til i min bil, men dersom andre kjente har lyst å reise dit so hadde no det vore kjekt, men då må transport ordnast på anna vis.

For å oppsumere, ei skikkelig god treningsøkt i bakken i kveld. Og ny moglegheit for kjekt lag og knall og fall på torsdag med avreise frå Trondheim i fire halv fem tida.

Fred ut.