søndag 30. august 2009

223 dagar...

Det er faktisk so lenge sidan sist eg skreiv noko her på bloggen! Det lev ikkje opp til fagre tankar eg hadde i dei tider om å kanskje få til noko eitt par gongar i veka. Ikkje kan eg forsvare meg med at eg går for kvalitet foran kvantitet heller, men vi kan stoppe der.

I løpet av 223 dagar har det skjedd ein del ting i livet til underteikna.
  • Eg har flytta saman med Siri, kjærasten min. Vi bor no i ei veldig fin leilighet på Strindheim i Trondheim. (Les meir)
  • I påska var eg med familien til Siri til Tehran i Iran og Dubai i De Forente Arabiske Emirater. Det var både artig og spennande, men ikkje skummelt som mange kanskje vil tru. (Les enno meir)
  • Etter påske var det ferdigstilling av vårsemesteret, som for min del inneheldt å fullføre to fag, Ex.Phil og Produktutvikling(sykkelprosjektet), det er eg veldig fornøgd med.
  • Før eg rakk å kome heim på sumarferie måtte Siri på sjukehuset med lungebetennelse. (Les enno litt til)
  • Skrive mange færre blogginnlegg enn Siri.
  • Hatt ein knakandes fin og avslappa sumarferie.
  • Vore ungdomsledar på leir for Redningsselskapet på Runde.
  • Vore på besøk hos Siri i Stavanger i 3 veker av ferien.
  • Og sist men ikkje minst, komt godt i gong med 1. klasse Produktutvikling og produksjon, ved NTNU.
Eg og Siri testar ut korleis det er å vere vaskekte arabarar, på ørkensafari utanfor Dubai.

Det var i korte trekk, det er sikkert ting eg har gløymt, men det har vore 223 stort sett veldig bra dagar. Å starte skuleåret i år har vore heilt forskjellig frå i fjor, og eg føler meg veldig klar for å gjere ein innsats for å henge med på dei seks faga eg skal ta fram mot neste sumar. Eg har helst på mange hyggelige folk som går på samme studieprogram som meg, og endåtil funne meg nokre som eg føler er blitt nye venar og venniner. Det følest rett og slett som at alt ligg til rette for ein veldig fin studiehaust.

I tillegg til å ha fått mange nye impulsar sosialt og gjennom skulen, har eg teke dei fyrste skritta inn i ein heilt ny hobby for meg. Hittil har eg vore to laurdagar til Fagerhaug flyplass på Oppdal. Eg har meldt meg på som elev hos NTH Flyklubb, og planen er å bli sertifisert seglflygar, kanskje allereie i løpet av dette skuleåret.

Lima-Xray trygt parkert på Fagerhaug.

Dette med seglflyginga er den eigentlege grunnen for dagens innlegg. Og her fylgjer historia om min første dag på Fagerhaug flyplass i Oppdal.

Det heile starta med å tappert presse seg opp kvart på seks laurdags morgon (etter å endeleg ha blitt ferdig med første matteøving i elleve tida kvelden før). Dette gjekk på eit vis, men tre hektiske veker med skulestart hadde satt sitt preg. Oppmøte for avreise til oppdal var kl 0700 på Paulinegård, som er klubblokalet til NTHF. Her fekk helse på blandt andre ein annan som skulle prøve seglfly for fyrste gong, ein masterstudent frå Aserbadjan. På veg ned sat eg på med klubbformann Robert, i bilen med oss var slepeflygar Trond og ein til elev, Øystein. Allereie i bilen ned merka eg at folk i denne klubben verkar veldig hyggelege og lette å prate med. Ikkje minst merka eg kor lett det var å stille spørsmål om det å flyge og at innstillinga er at spørsmål er bra og aldri for dumme.

Vel framme på Fagerhaug fekk eg vere med på montering av den eine tosetaren til klubben. Det var ganske artig å sjå korleis noko slikt er skrudd saman, og kor smart tilhengaren dei står på er innretta for å forenkle montering. Medan vi jobba med seglflyet var slepeflyet, ein Piper Pawnee, frå 60 talet komt ut av hangaren, og det var tid for briefing. Etter litt kort info oppe ved rullebanen var det tid for "daglig", noko so enkelt som ein dagleg kontroll av flya før dei kan brukast.

Etter ein del venting og å ha sett nokre av dei andre elevane rette nasa mot skyene var det unge herr Scheide sin tur også. Instruktør Håvard tok ein rask gjennomgang om korleis eg skulle te meg dersom vi blei nødt til å forlate flyet i lufta. "Då er det berre å trekke i spakane som løyser ut canopyen (taket), løyse ut selen, ta tak og kome seg ut. Vent i tre sekund og dra i utløysaren på fallskjermen. Då skulle det være greit, då kan du sette deg inn." Eg må innrømme at eg ikkje var heilt sikker på kor godt eg ville mestre ein slik situasjon, men det er heldigvis sjeldan i denne sporten. Etter å ha fått tredd meg inn i setet heilt foran i flyet og spent meg fast, byrja Håvard med å forklare kva dei forskjellige spakane var til, og at eg berre skulle halde handa mi svakt på joysticken og ellers ikkje gjere noko på veg opp.

Her kjem slepeflyet inn for landing.

Vår hjelpar på utsida festa på slepekroken, tok tak i vingen og gav klarsignal til Trond, som gassa opp med slepeflyet og nokre augneblinkar etter var vi i lufta. Håvard fortalte kva som var viktig under slep. På ca. 600 meter løyste vi oss ut frå slepetauet og var overlatt til oss sjøl og naturkreftene. Det neste som skjedde var ganske rått. Medan eg fekk fortalt om landemerker og litt kjapp info om oppdrift hadde flyet stege til dobbel høgde. Vi låg og cruisa i 1200 meters høgde og hadde ei heilt fantastisk utsikt. No var tida komen for at eg skulle få prøve meg litt på å styre flyet. Håvard gjekk gjennom funksjonen til henholdsvis pedalane, stikka frå side til side og fram og bak. Eg fekk prøve kontrollane kvar for seg i tur. Etter desse manøvrane var eg blitt flysjuk. Så når eg blei spurd om eg ville ha ein presentasjon av g-krefter takka eg høfleg nei og sa at det hadde vore fint å avslutta no. Slik starta turen tilbake til landjorda.

Det å blir dårleg er vistnok ikkje så unormalt på dei første turane. Her er det tross alt snakk om voldsomt mange nye inntrykk som skal prosseserast, samtidig som kroppen blir utsatt for bevegegelsar den er veldig uvant med. Men heldigvis klarte eg å ta meg inn att innan vi starta på innflyginga, so eg klarte å få med meg litt av korleis landinga foregår også.

Dette her blei mykje tekst, og eg føler ikkje heilt eg klarer å beskrive med ord korleis turen føltes. Men at eg no i ettertid gledar meg utruleg mykje til neste gong, på tross av at eg var noko grøn i maska oppe i lufta, burde vitne om at dette var noko eg likte.

Sjølvaste Charlie-November, ein meget populær to setar i klubben.

Eg må og få rose Håvard som var kjemperoleg og absolutt interessert i at min første tur i seglfly skulle bli so bra og artig den kunne. Heile greia var ei veldig positiv oppleving. Samtidig fekk eg ei respekt for det å flyge som eg ikkje hadde før vi tok av, eg forstår godt at det er mange startar før ein kan bli sendt ut på sin første solotur, for her er det mykje informasjon som skal tolkast og reagerast på samtidig, og ikkje minst skal ein også ha eit overblikk over kva som skjer i luftromet framfor flyet. Eg hadde nok med å gjere ei oppgave i gongen, medan flyet blei styrt for meg. Robert sa det slik at eg enno ikkje har opparbeida simultankapasiteten som skal til for å flyge, og det er jo ikkje so rart. Dette vil ta si tid, men steikk so kult det skal bli.

Dagens forsøk på å vere kunstnerisk for underteikna.

Det var altså første opplevinga mi i seglfly, sidan har eg vore oppe eit par turar til, og blir stadig meri fascinert av sporten. Meir forteljingar vil kanskje kome på denne sida seinare. Forhåpentlegvis i meir lettleseleg og engasjerande format.

mandag 2. februar 2009

Vanlege ting, men veldig sakte.

Heisann sveisann.

Ja folkens, internett byr på monge merksnodige bilete, filmar og so vidare.

I dag skulle eg eigentleg lese litt om budsjett og rekneskap slik at eg kan få orden på alle kronene mine som rullar ut fortare enn dei rullar inn, men ein viss nettsad sette effektivt kjeppar i hjula for desse planane.

Stumbleupon er ei side der du kan registrere deg og so bli sendt til tilfeldige bilete, filmar eller artiklar t.d. og so seie om du likar det du ser eller ikkje. Basert på stemmene du gir kjeme sida med anbefalingar om sider på nettet du kanskje vil finne interessante.

Etter ein halvtimes tid kom eg over denne filmsnutten. Braniac (eit tv program som utforskar vitenskap på litt spesielle måtar) har undersøkt korleis hendingar som går unna på under sekundet ser ut i veldig sakte film.
Fascinerande greier dette gutar og jenter.



Men no skal eg prøve å ta meg sjølv i nakken litt her å sjå om eg kan få gjort noko vetugt.

lørdag 31. januar 2009

Long tid, ingen oppdatering.

hei folkens :)

Ja no er det voldsomt lenge sidan sist eg skreiv noko her. Dette er hovudsakleg på grunn av at min nye, om noko avstumpa, studiesituasjon har tatt meg litt på senga og krever meir krefter enn eg først var budd på.

Dei siste vekene har hatt desse høgdepunkta:

  • Spelt squash, og faktisk vore på frivillig joggetur, tru det eller ei.

  • Siri klipte meg. Berre sjå her :)

  • Storopprydding av rommet forrige helg. Er særs nøgd med resultatet. No klarer eg faktisk å halde skrivebordet mitt nokon lunde ryddig slik at det er lett å setje seg ned med nye prosjekt.
  • Innan prosjekt kategorien har eg gått til anskaffelse av eit teiknebrett med innebygde linjalar, ei sokalla teiknemaskin.

  • Eg har hatt gode stunder med gitaren og prøvd å plukke litt Big & Rich utan å jukse med akkordar frå nettet, og faktisk fått til litt :)






  • Funne ut at Spotify er å anbefale for leiting etter fin musikk :) (eg har eit par invitasjonar å by på, sei i frå i kommentarfeltet so er det første mann til mølla.
  • Spelt eit godt stykke i Dead Space til Xbox 360
  • Snart sett ut sesong 4 på Lost, og dermed klar for sesong 5 som starta forrige veke.
  • Og sikkert ein heil del til som eg ikkje hugsar no, men kanskje skriv meir om seinare.
Til slutt kjem Siri sitt store prosjekt i dag, laga på 10 minutt, internett er fantastisk, eller kva?



onsdag 7. januar 2009

Tilbake i Trondheim, og ein produktiv start på året.

Kanskje ikkje so mykje å sjå til, men stolt er eg okke som. Les nedanfor om tilblivinga.

På reisefot

Som du ser i overskrifta er eg no tilbake i Trondheim by. Eg kom fram i går kveld i halv ni tida. Etter den kanskje mest slitsomme køyreturen eg har hatt. Eg køyrde som vanleg, til Molde og vidare til Oppdal, so "strakaste vein" til Trondheim. Fram til Molde var føret greit, og bortsett frå nokon sommarskodde utanlandske vogntog på Ørskogfjellet var det ingen i vanskar som eg såg. Men det at eg vart nøydd til å vente på bilar i mot bak vogntoga gjorde at eg bomma på ferga til Molde med ca 37,5 sekund, den var kjip.


Den verkeleg trøyttande biten kom omlag midt mellom Molde og Oppdal. Då var mørket komt, og so tok det til å snø. Det lava ned i tette lag og eg blei sitjande å myse for å ha ein sjanse til å sjå kva som hende framfor bilen. Slik heldt det fram i større eller mindre grad heile vegen til Trondheim, i tillegg til at føret gjekk frå hardpakka snø, til hardpakka snø med nysnødekke. Dette førte til eit par hjartet i halsen skrensar, men eg var enno i ein del då eg kom fram.

Etter å ha lossa bilen, køyrde eg ned for å endeleg få møte mi kjære Siri att etter jula. Gleda var stor både for meg og Siri, og eg merkar at eit og eit halvt års forhold ikkje har tæra på følelsane. I staden vil eg påstå at dei har blitt sterkare, og det er heilt fantastisk. Eg har vore kjempeheldig som har slått kloa i deg Siri :D

Eit bilete for å illustrere følelsar til kjærasten min :)

Marius, teknikaren.

So litt om kva eg har gjort sidan eg kom fram. Som sagt var eg og henta Siri opp til hybelen min. Vi la oss tidleg, for eg skulle på kurs i sveising klokka åtte om morgonen. Eg var oppe og åt frokost klokka sju for fyrste gong på so lenge at eg ikkje hugsar det. Men det gjekk som eg hadde håpa og eg kom meg opp utan for store problem. Ti over halv åtte gjekk eg ut døra iført alt for mykje ullundertøy og frakkar (berre ein av kvar, men eg blei veldig varm), på tross av at det var sju minusgrader.

Eg var på skulen i åttetida, litt skeptisk sidan vi under informasjonen i haust hadde fått høyrt at dørene ville bli stengt om vi kom berre eitt minutt for seint. Denne frykten skulle vise seg å vere ubegrunna, for instruktør Sørensen troppa opp kvart over åtte sjølv. Eg må få skryte av han. Dette var ein roleg og avslappa kar, rundt 24-25 år kanskje. Iført "GTA: San Andreas" skuggelue og godt humør. Etter å ha bemerka dei "fint brukte" (les: splitter nye og ubrukte) arbeidskleda mine, tatt seg nokon supar kaffi og konstatert at oppmøtet var på 50% (elev nummer to kom fyrst ein time seinare), gjekk turen bort til Mig apparatet.

I følge Wikipedia står Mig for Metal Inert Gas, og er den mest vanlege indistruelle sveisemetoden. Sørensen seier at den berre blir kalt automaten, dette av det at når ein har stilt inn riktig straum og mating (sveisetråd blir automatisk mata gjennom sveisepistolen) er det berre å trykke på avtrekkaren med stødig hand og halde rett avstand, samstundes som du alt etter som kva saum du skal ha eventuelt pendlar fram og tilbake medan du sveiser.

Etter eit par forsiktige forsøk der plater blei sveisa fast i kvarandre i tilfeldige stillingar og vinklar. Og Sørensen hadde konstatert at framgong kunne sporast kom tida for den berykta ti-kaffien. Vi sette oss på pauseromet med gratis automatkaffi (kvifor i alle dagar krever NTNU 10 kroner for ein kopp kaffi? Digresjon over). Denne pausa viste seg å bli minst like lærerik som sveisekurset. Her fekk eg ei innføring i aksjemarknaden og korleis aksjeselskap fungerer. Eg må seie at dersom dette året fortsett som det har starta er det seriøst moglegheiter for at eg kan lære meir på 365 dagar enn monge andre dagar eg har hatt.

Etter pausa kom det skryteverdige, nemleg koppen du ser på toppen av innlegget. Og då tenker eg at eg har skrive meir en nok for denne gong. Eg tenker stadig vekk at eg skal lage eit kort innlegg, men her har eg tydelegvis mykje å lære.

Kom gjerne med forslag til kva eg kan bruke koppen til. Siri har komt med: Pennekopp og blomevase.

Takk for denne gong.

Kanskje like greit at eg lot denne habitten ligge att heime?

søndag 4. januar 2009

Pust og pes.

Slik, då er årets første treningsøkt omme. Den var kanskje ikkje so long (rundt 30 min), men eg kjenner enno effekten på kroppen medan eg skriv dette.

Det heile starta som ein vill idé ein søndags formiddag i stua til mor. Eg sat og surfa på nettet og nyheitslesaren rapporterte at eg hadde fått med meg alle overskriftene dei forskjellige sidene hadde å by på. "Kva skal eg ta meg til no" tenkte eg for meg sjølv. Skulle eg gå over til meir obskure nettsider på jakt etter meir, muligens unødvendig, hjerneføde. Kanskje skulle eg ta pianoet eller teikneblyanten fatt? Eller kanskje skulle eg, etter ein kik ut av vinduet, som synte meg glitrande solskinn i blendande snø. Kanskje skal eg stikke nasa utanfor døra? Kanskje endåtil legge opp til ein liten joggetur?

Det er utruleg korleis slike innfall kan resultere i fysisk smerte frå ein annan verden. Etter ein roleg (trudde eg) start viste det seg at eg etter tre fire minutt med håpefull innsats var det tydeleg at eg hadde overvurdert eigne evner. Riktignok var snøen like flott og sola like herleg i andletet som eg hadde håpa. Endåtil den noko kjølige temperaturen kunne ikkje setje nokon dempar på stemninga. Men inne i kroppen min var ikkje stemninga like harmonisk. Alle forsøk på å halde pusten roleg og rytmisk blei effektivt hindra av ein mindre effektiv infrastruktur for transport av oksygen ut til forskjellige elementære organ. Eg blei til slutt nøydd til å kapitulere og senke presset til eit noko slunkent gåtempo ei stund.

Men på tross av at kroppen allereie hadde gitt beskjed om at slik oppførsel var straffbar, var det som om den allikevel hadde fått smaken på ein viss smerte. Etter å ha gått ei stund og latt pulsen synke ned til eitt litt meir behageleg nivå, var eg igjen klar for litt forsiktig jogging. Nok ein gong tok både bein og armar til å skrike at surstoffet dei hadde bestilt kom for seint og at om denne uholdbare situasjonen heldt fram måtte tempoet snart ned att.

Slik heldt turen fram i rykk og napp, sjølve løypa tok meg kanskje 20 minutt, men det føltest betrakteleg lenger. At eg hadde utbytte av det var det igrunnen liten tvil om. Eg kom pustande og pesande inn døra, og på tross av mi dramatisering var det ingen respons å frå få folket på stua. "Steikk det må vere tungt å køyre so hardt" utbryt Stian, men dette var nok ikkje retta mot den heltmodige broren hans. I staden var det ein skiløpar som ikkje hadde moglegheit til å høyre komplimentet, som fekk ei sårt trengt oppmuntring.

"Vel, vel" tenkte eg meg. 20 minutt er då inga treningsøkt. Eg gjekk på romet mitt og tok meg 3 seriar med situps og armhevingar. No var eg nøgd med dagens innsats, og kunne ta meg ein velfortjent dusj.

Rett nok var det ei traumatisk oppleving, men etter at det var over, og eg no sit og tenker på fortidas slit. Blir eg på eit vis motivert til å gjenta prestasjonen ved ei seinare anledning, forhåpentlegvis ikkje for monge dagar inn i framtida.

Har du ei historie frå årets fyrste treningsøkt, kvifor ikkje dele den i kommentafeltet, eller link til ditt eige blogginlegg :)

onsdag 31. desember 2008

Godt nytt år!!

Hei alle saman.

Det er blitt ei stund sidan sist eg skreiv her på bloggen, men slik er det i jula, tida går fort. Det er mange ting eg tenkte eg kanskje skulle få gjort i jula.

  • Å rydde opp i mitt personlige arkiv, som inneber eit par permar med alle papir eg har moteke frå forskjellige instansar er ein av dei.
  • Å fikse nokre småting på bilen er ein annan.

Men papira ligg på romet mit her hos mamma på same måten som eg la dei i frå meg for nesten ein månad sidan. Og den einaste oppdatirnga på bilen er at eg har kobla radioantenna til spelaren. Og no sit eg då her på nyttårsafta etter ein kjempegod middag i lag med bror min og mor mi. Angrar eg på at orden ikkje er oppnådd i papira, medan tida i staden har gått til timevis med muliplayer i Gears of War 2 og kiking på sesong 2 av Lost i lag med broren min? Eller lange kveldar på besøk hos gode vener, der leggetida alltid på magisk vis strekk seg longt over 2? Nei eg angrar ikkje på at eg har brukt jula til desse tinga. Eg er takksam for at eg kan få lov til å gjere det. Eg er ein del av eit svært heldig mindretal.

Den seinare tida har eg blitt meir og meir merksam på kva som skjer rundt om i verda. Dei fleste har vel fått med seg at kamphandlingar har blussa opp i Midtvesten. Eg skal ikkje påberope meg for mykje kunnskap om det som skjer mellom Israel og Hamas i desse dagar. Men eg tykkjer svært synd på dei folka som er ramma.

Uskuldige på begge sider er blitt offer for raketter, sendt avgarde fleire mil i frå måla dei treff. Eg kan forstå at Israel er nøydde til å forsvare seg når Hamas sender rakettar inn i landet deira mot tilsynelatande tilfeldige mål. Men eg kan og forstå (ærleg talt kan eg vel ikkje starte på å inbille meg det eingong, men eg vel å seie det slik.) frykten blant sivile både i Israel og på Gaza-stripa, som føler seg fanga mellom to stridande makter dei ikkje kan påvirke. Hamas blir av Israels talspersonar kalla ein terroristorganisasjon, og det er denne organisasjonen, som tok makten i Gaza gjennom kupp, Israel vil nedkjempe. Israel påstår at dersom Hamas gir opp sine angrep på Israelske mål, vil også Israel leggje våpena ned. Men ingen er villige til å legge øksa ned fyrst. Lat oss håpe på moglegheita for ei rask løysing på denne konflikta, endå historia viser at dette kan bli vanskelig.

Grunnen til at eg tek opp dette i eit "godt nyttår" innlegg er enno litt uklar for meg sjølv. Men eg meiner ikkje å seie at dykk ikkje skal feire i kveld og kose dykk med gode vener. Eg skal sjølv i kalas litt seinare, og har vorte beden i eit par andre. Eg dreg dit med glede over at eg har vener som vil vere saman med meg på nyttårsafta. Og eg har som sagt brukt massevis av tida mi på meir eller mindre meiningslause ting. Med meir eller mindre godt samvit.

Det eg vil seie er at no startar det eit nytt år, klisjeane er mange, blanke ark, teiknestifter og Gud veit kva. Kanskje er det mest symbolsk, men eg håpar på at eg sjølv, og gjerne fleire, dette året kan vende blikket litt utanfor mine eigne trygge stoveveggar, og prøve å finne måtar eg kan være litt til nytte for folk som virkeleg er i naud. 

Med desse tankane ut av hovudet og ned på "papiret" vil eg berre få seie det som eigentleg var bodskapen:

Godt nytt år folkens!!

Lat oss håpe det vert eit flott eit :)

fredag 19. desember 2008

Ein av sju sortar (og det blir med det)

I dag var dagen komen då eg skulle til besta for å bake den, i mine auge i allefall, viktigaste julekaka. Nemlig sirupsnippar. Ddt blir rett og slett ikkje skikkelig jul utan. Dette har vanlegvis blitt gjort av besta på eiga hand, men no tek ho til å merke alderen, so det blir vansklegare å vansklegare å få til det ho gjorde før. Men for å vere 88 år tykkjer eg allikevel det er ei sprek mormor eg har. Sirupsnippar må ein altså ha, so eg fekk det føre meg at eg skulle bake. Geleida av mesteren på området.

Dette er altså besta, her er ho i full gang med å dele mandlar.

Deigen laga eg i kvelden før, fordi den skal kvile over natta for å bli avkjølt. Medan mamma tok på seg ansvaret for å skolde og flå mandlane. Sjølv om desse mandlane vistnok var litt rebelske, fekk ho flådd dei og alt var klart til bakinga neste dag.

Eg var som vanleg seint ute, skulle vere hos besta klokka eitt, kom dit fyrst klokka to. Nok om det, besta er ei tolmodig sjel, so ho tok det med fatning. No var altså sanningens time komen, eg skulle bake mi første leiv med snippar. Eg klaska ein klump med deig i plata og tok til å kjevle det beste eg viste, dette gjekk på sett og vis bra. Problemet var at deiga blei for klissete og eg hadde nytta for lite mjøl, so det blei nokon misforma kaker som havna på steikjebrettet.

Ein nøgd læresvein med kjevla i hand.

Klok av skade brukte eg rikeleg med mjøl og snudde på leiva eit par gongar og la på nytt mjøl, samt at eg brukte litt mindre krefter på kjevla so leiva ikkje blei slett so syltynn. Denne gongen vart det lettare å skilje kakene frå plata. Når denne sanninga var innsett gjekk det meir som ein leik å få kakene klar for omnen. Men før dei kom dit var det besta som med stødig hand la på mandlane som vi brukte som pynt. Etter nokre minutt i omnen på rundt 190grader var kakene ferdige. Nokre vart nesten brende, medan andre hadde den fine gyllenbrune fargen som det er meininga dei skal ha, men smaken var heldigvis jamt over god.

Her ser dykk utsikta åt ein sirupsnippkakebakar. Kjevle, "bølgepizzahjul"(bakelsspore for fagfolket), bestas heimelaga mal/linjal og ei leiv med oppkutta kaker.

På tampen vil eg rette ei takk til besta for godt lag og god opplæring. Dette er noko eg kan anbefale til andre, å ta seg litt tid ein dag dersom ein kan, og tilbringe den med besteforeldre. Kanskje gjere ein aktivitet slik som denne, det var i allefall kjekt for meg, og det trur eg besta tykte og.

Praktkaka, laga av siste leiven med deig. Skal nyttast som juletrepynt av besta i år.

Og no, slik at du og kan få moglegheita til å lage deg særs gode kaker til jul, kjem oppskrifta vi nytta. Denne var saksa frå eit vekeblad, so det er ingen familiehemligheiter som blir offentleggjort her, men eg kan love at dei er betre enn kjøpesnippar, meget mykje betre.

Oppskrift på Sirupsnippar:

1,5 dl mjølk
200 g sukker
200 g sirup
150 g smør
1,5 ts ingefær
1/4 ts pepar
1 ts natron
ca. 500 g kveitemjøl
skåldede mandlar til pynt

Lat mjølk, smør, sukker og sirup smelte saman, pass på å røre undervegs. Lat det koke opp so vidt før du tek det av varmen. Tilsett pepar, ingefær og natron og rør det godt inn. Hell dette over i ein bakebolle og sikt mjølet i. La deiga stå kjølig til neste dag.

Kjevle deiga ut i eit passeleg tjukt lag, pass på at det ikkje vert for tynt, då er det lett for å rive hol i kakene. Bruk ein bakelsspore (som eit lite pizzahjul med bølgjemønster) til å skjere dei i snippar. Her løner det seg å bruke ein linjal og skjere linjene med omtrent 3-4 cm mellomrom, bruk det du tykkjer passar best. Fyrst skjer du paralelle linjer, so eit nytt sett med paralelle linjer i omtrent 120 - 130 graders vinkel på dei første linjene. Pynt med delt mandel i midten.

Snippane steikast so gyllenbrune ved ca 190 grader i omnen.

Læremeister og læresvein takkar for merksemda og ynskjer lykke til med julebaksten.