fredag 12. desember 2008

Heim til jul

Hei folkens.

Litt på etterskudd kjem kunngjeringa om at eg på nytt befinn meg i Ulsteinvik. Og her blir eg ut året, det høyrest kanskje lenge ut, men som den observante vil ha fått med seg er det faktisk berre snakk om vel tre veker. (Tørr som sand, men la gå)

Avreise tidspunkt var sett til ein eller annan gong på onsdag formiddag. Første post på programmet denne dagen var å få transportert mi kjære Siri og Marit ut til Værnes for å fraktast åt Stavanger i fly. So gjekk turen for meg attende til Trondheim med eit pitstop på Jula for å gå til anskaffelse av ti meter med fortøyingstau for sikring av eit motvilleg koffertlok som hadde funne ut at dette var tida for å ikkje gå i lås.

So heim å pakke bilen med nødvendige og kanskje unødvendige artiklar; telemarksski (ja vi håpar på ein tur i bakken før året er omme), ein særdeles tung sekk med skulebøker og anna og sesong 2 og 3 av Lost, generøst utlånt av Håkon som fekk meg til å ta opp att denne mildt sagt småmerkelege serien.

Det å få tjora bakluka igjen viste seg å ikkje berre være enkelt, men med litt triksing og miksing var det trygt forankra i nakkestøtta og eg hadde ikkje problemer med det resten av dagen. I halv eitt tida snudde eg nasen i retning sørlegare breiddegrader medan sola leita seg mot vest og bakom fjella.

Køyre turen gjekk føre seg utan nokon nevneverdige problem. Men underveis kom eg over ein eldre herremann som testa ut naudblinken på bilen sin midt i audemarka mellom Oppdal og Sunndal, men då eg stogga og skulle sjå om han trong hjelp vinka han meg berre vidare.

Då eg kom på fergekaia i Molde viste det seg at eg burde ha trykt litt ekstra på den pedalen lengst mot høgre. For ferga låg vel ikkje meir en tjue meter i frå kaia på vei mot Vestnes då eg trilla sakte men sikkert aller fremst i køa. Dette starta ein kjedereaksjon som førte til at eg ville bli for sein til åtte ferga frå Sulesund, og neste som gjekk var klokka ni. Då ringte eg til Sigve og vi treftest i leiligheta til ein kompis av han i dei ti minutta eg hadde til gode før eg måtte køyre vidare. Her gjeld det å utnytte tida ein har til rådigheit.

Då klokka so vidt hadde passert ti over halv ti på kvelden svinga eg inn på ein kjend grusvei og over ein liten haug og såg i døre hennar mor, som kom ut då ho høyrte duren av ein gammal slitar i frå tyskland.

Dagane etter eg kom har gått med til å synest synd på meg sjølv som plagast litt med bihular som ikkje har det heilt godt med seg sjølv. Ein tur til legen som kunne konstatere at dette om noko var virus og ikkje "trengte" (les: kunne hjelpast av) noko medisinsk behandling, so eg er overlatt til å ta det litt med ro og vente på betre tider.

Men eg er altså landa på Hareidlandet og blir her ein knapp månad. So no er det fritt føre for dei som kjennar meg, og mot all formodning les dette inlegget, å invitere meg på besøk, eller seg sjølve på besøk hit. Satsar på nokre kjekke gjensyn i jula :)

God jul, og hugs at de ikkje må la dykk overvelde av alt som skal gjerast men gje dykk sjølve lov til å slappe av litt óg.

1 kommentar:

siri sa...

du er så flink til å skriva gutten min :) eg er stolt av deg :) suss fra jentå di :)